star
star
star
star
star

Rundtur over Stordalsvarden og Ulvedalseggane (på fot og ski)

Flott tur frå annleggsveg opp til Stordalsvarden 839 m.o.h og vidare langs ryggen på Ulvdalseggane og ned att over Øvre og Nedre Hellebotnvatn. Turen går i flott terreng med vidsynt utsyn. Den...
Foto: Geir Johannessen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 475966
Fylkesveg 381 frå Matre i Masfjorden mot Bjordal/Stordalen fjellstove. Start ca 1 km på fylkesvegen etter avkjørsel til fjellstova. Annleggsveg på venstre side. Parkering sumarstid etter vegen. På vinterstid er det for tilreisande merka parkeringsplassar i hovudsak i nærleiken av avkjørsel til fjellstova. Det er mogleg med overnatting på stordalen fjellstove.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Varighet
30 minutter
Lengde
8.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Flott tur frå annleggsveg opp til Stordalsvarden 839 m.o.h og vidare langs ryggen på Ulvdalseggane og ned att over Øvre og Nedre Hellebotnvatn.

Turen går i flott terreng med vidsynt utsyn. Den startar på annleggsveg, går så over på god sti, men halvvegs til toppen forsvinn stigen, men då ser ein Stordalsvarden og det er lett å finne fram. Så lenge ein går opp er ein på rett veg. Frå toppen kan ein velje å gå tilbake same veg.

Denne turen går vidare frå Stordalsvarden og følgjer ryggen på Ulvedalseggane på venstre/austre side av vatnet. Ein følgjer vatnet etter toppen av eggane. Når ein er på det høgste hell ein til høgre forbi to mindre haugar. Etter den andre haugen tek ein til venstre og følgjer ryggen utover og ned på vestsida/høgresida av denne. Når ein kjem ner møter ein god sti og følgjer den til venstre og kjem snart inn på T-merka sti frå Kringla til Stordalen. Ein fylgjer den til ein er tilbake til hovudvegen. Då er ein ca 500 m etter vegen frå startpunktet.