star
star
star
star
star

Rundtur over Fjelladalen: Storhornet - Mehornet - Heihornet

Turen startar på Stavseng. Her i frå følgjer ein først ein skogsveg oppover eit godt stykke heilt til det er skilta over på ei rås mot blant anna Fjelladalen. Denne råsa er tydelig merka og leiar deg...

Praktisk info

Enjoy-kode: 965224
Køyr til Stavseng, som ligg på fjellet mellom Stordal og Liabygda. Her ligg det nokre gardar og det er også ein parkeringsplass. Dessverre er det sett opp eit skilt om at det er berre hytteeigarar som kan parkere på denne, så eit alternativ kan vere å spørje dei som bur på gardane om det er ein plass ein kan få sette frå seg bilen.
Type
Turer
Passer for
Voksen
Varighet
6 timer
Lengde
10.5 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar på Stavseng. Her i frå følgjer ein først ein skogsveg oppover eit godt stykke heilt til det er skilta over på ei rås mot blant anna Fjelladalen. Denne råsa er tydelig merka og leiar deg gjennom heile Ringsetbotnen, opp i Ringsetkloven og ned mot Fjelladalen. Akkurat når ein har passert Ringsetkloven så møter ein ein snøbre. Den er ganske bratt lengst nede, så det er lurt å skrå over han ganske høgt oppe.

Ein kan følgje råsa heilt ned i Fjelladalen og hytta som er der nede, eller så kan ein, for ikkje å tape så mange høgdemeter, krysse elva og gå oppover lia til høgre. Dersom ein går langs ein litt lang fjellhammar som ligg oppi fjellsida, så unngår ein å møte så mykje kratt. Når ein er over tregrensa så kan ein gå i retning av varden ein har framfor seg. Dersom ein går litt lenger nedover til venstre frå denne varden så finn ein eit stilig utkikkspunkt over Stordal. Her stikk ein fjellknaus ut frå fjellet og utgjer ein slags Preikestolen i miniatyr der ein kan ligge og speide ned på dalen som ligg under.

Her i frå går turen vidare opp på Storhornet. Det finnes inga rås å følge opp her, men dersom ein ser seg ut ei passelig løype langs dei felta med mest gras, så går det fint å kome seg opp. Det kan vere lurt å halde litt mot høgre.

På toppen av Storhornet får ein eit mektig rundskue, og ein ser blant anna bort på neste topp, Mehornet (også kalla Vadbottshornet). Ein treng ikkje gå så veldig langt ned før ein begynner oppstigninga på den neste toppen. Ryggen er fin å følgje, og det er berre eit lite parti der ein må klatre litt for å kome seg forbi.

Ned frå Mehornet er nedstigninga fin bort til Heihornet. Herifrå er det ikkje noko rås, så ein lyt berre finne den vegen ein synes ser best ut ned i Ringsetbotnen igjen.