star
star
star
star
star

Rundtur over Blyfjellet

Flott tur opp Heibergsdalen og til høgste punktet på Blyfjellet for så å følgje ryggen av Blyfjellet mot sør med fantastisk utsikt til alle kantar. Turan kan gåast både på beina og på ski, men...
Foto: Geir Johannessen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 809337
Fylkesveg 92 frå Matre i Masfjorden eller Bjordal ved Sognefjorden. Det er rimeleg lett å finne parkering langs vegen når det ikkje er snø.
Type
Turer
Passer for
Alle
Varighet
30 minutter
Lengde
8.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Flott tur opp Heibergsdalen og til høgste punktet på Blyfjellet for så å følgje ryggen av Blyfjellet mot sør med fantastisk utsikt til alle kantar. Turan kan gåast både på beina og på ski, men vinterstid må ein vera merksam på rasfare. Det er skiftande med sti, men ikkje vanskeleg å finne fram.

Turen startar ved demningen på Krokavanet der vegen til Bjørkelia hyttegrend tek av. Ein føl den ned forbi parkeringen deiras og oppover att til den svingar krapt til venstre. Her finn ein seg ein veg oppover Heibergsdalen. Etter at ein har passert det andre vatnet tek ein skrått opp lia til høgre/mot aust. Oppover her må ein vinterstid vera særskilt merksam på rasfare vinterstid. Alternativ kan ein gå opp frå nordsida av Blyfjellet frå Spongavatnet.

Nesten oppe møter ein eit heng og tek mot venstre/nord og etter ikkje lenge finn ein lett toppen markert med ei stang. Frå toppen ser ein ner på Nystølen i nordaust med Blåfjellet bakom, mot nord Fridalsvatnet med Fridalsnuten i bakenden og Geitenakken til høgre for desse. Vidare mot aust ser ein i forkant det vakre Spongavatnet, med Svadfjellet og Gygrefjellet i bakgrunnen. Rett mot sør ligg ryggen på Blyfjellet som vi skal følgja før vi mot aust ser i Stordalsvatnet, Storefjell, Ulvedalseggane, Krokavatnet med Skorvane i bakgrunnen.

Turen går vidare mot sør på ryggen av Blyfjellet. I finver går vi rett mot sola. Borte på søre enden av Blyfjellet tek vi ein liten runde ned om den fine varden på sørvestre enden av fjellet og rundar rundt langs stupet mot aust. Her er det flottutsikt mot Stordalsvatnet og hyttegrendene. Luftig utsikt.

Vi kryssar eit skar før vi følgjer fjellet i ein sving rundt Storekupa til vi møter T-merka sti frå Nystølen til fjellstova. På Geitelirusti kan vi velje om vi vil gå ned til Stordalen fjellstove eller gå Midtrusti ned til Litlekupa/NAF-Nordhordland sitt annlegg.

Tilbake til startpunktet er det ca 3 km langs vegen