star
star
star
star
star

Rundtur Krokane

Dette er ein flott ettermiddagstur eller ein koseleg familietur med små born. Turen går både på grusveg og barklagde stiar, og om vinteren er det preparert skiløype langs ruta. Harpefossen /...

Praktisk info

Enjoy-kode: 783226
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Stor parkeringsplass ved Harpefossen Skisenter.
Reise med kollektiv: Fra Oslo/Bergen/Trondheim: Norway Bussekspress til Nordfjordeid, deretter taxi eller privatbil til Harpefossen. Evt. tog til Otta fra Trondheim eller Oslo, og videre med Nordfjordekspressen (buss) til Nordfjordeid.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
3.1 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein flott ettermiddagstur eller ein koseleg familietur med små born. Turen går både på grusveg og barklagde stiar, og om vinteren er det preparert skiløype langs ruta.

Harpefossen / Tippabrua – Harpefossen Hyttegrend – Naustdalssetra – Mørsynnøvebakken – Kvanndalselva – Tippasetra – Harpefossen / Tippabrua

Frå parkeringsplassen ved Tippabrua på Harpefossen (Varmestova) går turen langs den Trondhjemske postveg forbi Naustdalsetra og inn til Mørsynnøvebakken (1,5 km). Her tek ein skarpt til høgre på barklagd sti gjennom skog og over myrar 300 meter fram til ei bru som kryssar Hjalma. Krokane er den delen av elva Hjalma som renn i ein krok herifrå og austover. Stien går vidare rett fram til enden av skiløypa kor ein passarar eit straumgjerde for storfe, og deretter fylgjer den øvste lysløypetraseen tilbake til brua over Kvanndalselva. Vidare på grusveg forbi Tippasetra tilbake til Harpefossen. Turen går i idylliske setreomgjevnader og over klopper og bruer som kryssar fleire små og store elvar.

Turen passer for alle, spesielt småbarnsfamiliar.