star
star
star
star
star

Rundtur Grimeskaret - Tippaskaret

Dette er den lengste turen som er merket frå Harpefossen og løypa innbyr til varierte naturopplevingar. Først gjennom setremiljø og gjennom den fredelege Tippadalen, vidare langs Fossevatnet over...

Praktisk info

Enjoy-kode: 297440
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Stor parkeringsplass ved Harpefossen Skisenter.
Reise med kollektiv: Fra Oslo/Bergen/Trondheim: Norway Bussekspress til Nordfjordeid, deretter taxi eller privatbil til Harpefossen. Evt. tog til Otta fra Trondheim eller Oslo, og videre med Nordfjordekspressen (buss) til Nordfjordeid.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne
Varighet
5 timer
Lengde
13.5 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er den lengste turen som er merket frå Harpefossen og løypa innbyr til varierte naturopplevingar. Først gjennom setremiljø og gjennom den fredelege Tippadalen, vidare langs Fossevatnet over til det ville Grimeskaret kor ein finn idylliske fiskevatn, luftige stier og grøne lider med beitande sauer høgt til fjells, før turen avsluttast langs postevegen.

Harpefossen / Tippabrua – Tippasetra – Nakkesetra – Resenden – Heia – Botnareset – Tippaskaret – Mosehogen – Grimeskarvatnet – Svartevatnet – Brekka – Brekkefoten – Sevlandsetra – Bjørhovdesetra – Ljosurelva – Mørsynnøvebakken – Naustdalssetra – Harpefossen Hyttegrend – Harpefossen / Tippabrua

Frå parkeringsplassen ved Tippabrua på Harpefossen (Varmestova) går turen på grusveg 1,0 km til Nakkestra. Her tek ein av rett sør opp til toppen av setra og vidare oppover på tydeleg sti 1,4 km til Heia. Her tek ein av sørover på utydeleg sti relativt flatt 1,0 km innover dalen til Botnareset kor ein kjem inn på ein tydeligare sti som fører 0,7 km opp til Tippaskaret. I den frodige Tippadalen beiter både storefe og sauer, og på seinsommaren finn ein mykje blåbær innover dalen langs den merka løypa.

Frå Tippaskaret er det etter kvart god utsikt over Fossevatnet og nedre del av Eidsdalen, og ein fortsett rett fram til stikrysset Mosehogen (0,5 km) kor løypa går rett fram over myrer og småkollar. Etter kvart (1,2 km) kjem til ei slukt som førar opp til ein rygg (400 m) kor ein har toppen Såta høgt oppe til venstre, to smale vatn nede på venstre side og ei bratt li ned mot Storevatnet på høgre side. Her er det flott utsikt over Grimedalen som førar ned mot Alsakersetra og øvre del av Eidsdalen og vestre ende av Hornindalsvatnet.

Frå enden av ryggen (400 m) går stien bratt ned mot Grimeskaret (300 m) kor ein har Svartdalshornet (960 moh) rett fram og Grimeskarvatnet nede til venstre. Frå øvst i Grimeskaret går løypa i ein boge nedover lia og inn i skogen sør og vest for vatnet (900 m). Det kan vere glatt og sleipt ned lia, so her må ein vere forsiktig. Etter kvart kjem ein inn på ein tydelig sti som fører fram til stikrysset nord for vatnet (300 m) kor det også ligg ein båt til fri bruk. Herifrå går stien ned langs elva som renn inn i Svartevatnet (600 m). Her går stien over myrane aust og nord for vatnet (200 m). I stikrysset midt på nordsida av vatnet kan ein fortsette rett fram til eit idyllisk graskledt nes kor det er flott så slå opp telt (150 m). Også her ligg ein båt til fri bruk. Men for å komme tilbake til Harpefossen tek ein til høgre i stikrysset og etter 600 meter kjem ein ut på postvegen på Brekka. Vegen fylgjer ein tilbake til Harpefossen / Tippabrua (4,5 km) forbi Sevlandsetra (900 m), Bjørhovdesetra (1,7 km) og Naustdalssetra (3,5 km). Eit alternativ til å gå postvegen er å fylgje Svarteskogvegen og Tippaskogvegen forbi Sevlandsetra, Nakkesetra og Tippasetra. Ein tek då til venstre ved Brekkefoten.