star
star
star
star
star

Rundtur fra Ustaoset til Prestholt

Lengde: Ca. 16 km, rundtur Hugs: Du er på høgfjellet, kle deg etter forholda! Ullundertøy og vindtette ytterkle er ein god start. Følg skiløypa frå Ustaoset til Prestholtseter over Eimeheia. Turen byr...

Praktisk info

Enjoy-kode: 129264
Frå parkeringsplassen bak butikken på Ustaoset. Ta gjerne toget til Ustaoset!
Type
Turer
Passer for
Voksen, Senior
Varighet
3 timer
Lengde
14.6 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Lengde: Ca. 16 km, rundtur Hugs: Du er på høgfjellet, kle deg etter forholda! Ullundertøy og vindtette ytterkle er ein god start.

Følg skiløypa frå Ustaoset til Prestholtseter over Eimeheia. Turen byr på ein del motbakkar, men du får løn for strevet; Er veret bra er ikkje noko betre enn å sitte i solhellinga utanfor Prestholtseter med Hallingskarvet ruvande i bakgrunnen. Turen går vidare vestover langs grensa til Hallingskarvet nasjonalpark mot Hesteberget. Her må du stoppe og nyte utsikten. Når du står med ryggen til skarvet ser du Hardangervidda og Hardangerjøkulen. Bak deg har du Eimeskaret og vidare vestover Tvergastein, hytta til ein av Noregs mest kjende filosofar, Arne Næss. Boka «Det gode lange livs far» er hans hyllest til Hallingskarvet. Til slutt er det berre å sette utfor dei siste kilometerane med morosame nedoverbakkar attende til Ustaoset, mens ein kan fundere på dei små og store spørsmåla i livet.