star
star
star
star
star

Rundtur frå Sund kyrkje til Stolåsen

Her er vi i eit av Øyrikets mest skogkledde områder. Noko skog er tynna og lett å gå i, andre stader er skogen nesten umogeleg å forsere, men held vi oss på stiane, går det bra. Det er mest furu, men...

Praktisk info

Enjoy-kode: 386305
Kyrkja er lett å finne. Kommer du på rv 555 frå sør, er det til venstre etter Klokkarvik. Kommer du nord frå på fv 198, er det til høgre før Klokkarvik. Parkeringsplassen er heilt oppe ved kyrkja.
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
8.6 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Her er vi i eit av Øyrikets mest skogkledde områder. Noko skog er tynna og lett å gå i, andre stader er skogen nesten umogeleg å forsere, men held vi oss på stiane, går det bra. Det er mest furu, men også ein del gran – og det er der grana veks at skogen er tettast. Det er god sti og delvis skogsveg på turen, men det kan være greitt å ha turkartet med seg, eller laste ned GPS- sporet frå Lommekjent. Turen startar frå parkeringsplassen ved Sund kyrkje. Vend mot sør og følg vegen til venstre (sør om kyrkja) og etter 200 m ser vi eit skilt om Nordsjøløypa på høgre side av vegen. Her ligg også ein liten fotballplass. Her startar stien, enten rundt ballplassen eller rett over. Stien er lett å følgje – det er berre å halde seg i hovudstien og sjå etter blå merking (dei har spara litt på merkinga). Etter å ha passert Børnesvatnet på venstre hand, kommer vi etter om lag 1,5 km fram på veg ved ein gard. Her følgjer vi vegen til venstre til toppen av bakken og tar inn på skogsvegen til høgre. Her står eit skilt, merka Stolåsen. Vi følgjer stien 1 km der er det igjen merka Stolåsen både vidare rett fram og til venstre. Vi går til venstre og følgjer tydelig sti til toppen av Stolåsen. Nå er vi også ute frå skogen og har fin utsikt i all retningar. Når vi etter en pause, skal gå vidare går vi nordover og tar sikte på det runde vatnet vi ser nede i lia. Her er god sti, og vi følgjer den helt ned til skogsvegen som kommer frå Langavatnet. Vi følgjer denne til der vi tok av på framturen, går litt vidare og tar inn til venstre og sikter på skaret framfør oss kor stien går opp. Vi følgjer stien gjennom skaret og ned på andre sida og ned på nok ein skogsveg/sti. Vi følgjer denne tilbake til stien vi kom på myra over Børnesvatnet. Her frå følgjer vi same veg tilbake som vi kom frå.