star
star
star
star
star

Rundtur: Fossheimstøylen, Instebotnvatn, høgda 1170, Høgenipa, Skafonnfjellet og Løkjabotsegga

Dette er ein flott rundtur med mykje utsikt til breane i Jølster samt dei majestetiske toppane rundt Kjøsnesfjorden. Sjølvsagt byr turen på noko av den beste utsikta du kan få til Kjøsnesfjorden og...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 437153
Ta av E39 ved Skei skule og køyr skogsveg opp Fossheimsdalen. Bom til skogsveg kostar 50 kr.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn, Ungdom
Varighet
6 timer
Lengde
13.4 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein flott rundtur med mykje utsikt til breane i Jølster samt dei majestetiske toppane rundt Kjøsnesfjorden. Sjølvsagt byr turen på noko av den beste utsikta du kan få til Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet i tillegg!

Du startar med å gå på god og delvis steinlagt sti frå Dammen til Fossheimsstøylen. Idyllisk støylstomt med rennande vatn og små badekulpar rundt. Du brukar 20-30 minutt opp her. Turen går vidare på god sti til idylliske Instebotnvatn. Her er det fint å campe og bade, og det skal visst nok også vere fisk i dette vatnet. Frå støylen brukar du ca 20-30 minuttar opp her. Strekka frå Dammen opp til Instebotnvatn er perfekt for småbarnsfamiliar å gå.

Du går på den nordlege sida av Instebotnvatnet til du kjem til elveutløpet. Elva kan vere stri å passere enkelte tider på året. Uansett må du rekne med å ta av skoa og vasse deg barbeint over i det kalde vatnet. Det er lurt å passere elva i elvemunningen rett ved vatnet.

Frå vatnet går du vidare utan sti. Les terrenget og gå omlag midt i dalsøkket oppover. Her er det lyng og lett kupert terreng i bakkane oppover. Inn i mellom kan du passere gamle raude merke, men det er lite restar att etter stien. Denne vert først tydeleg att når du kjem opp i skaret mellom Høgenipa og høgda 1170. Eg tok turen opp på høgda 1170 for å få utsikt innver mot Trollebotsvatnet. Avstikkaren opp på denne høgda tok ca 30-45 minuttar. Om du ikkje vil oppom her, kan du følgje sporet vidare rett mot Høgenipa.

Frå skaret og opp mot Høgenipa går du fleire høgdemeter i relativt bratt terreng. Her finn du tidvis spor etter ein sti oppover. Nokre få små vardar ser du også undervegs. Det er jamn bratt stigning heile vegen, men ingen luftige parti eller behov for klyving. I det du nærmar deg toppen av ryggen vert det betre merka og det er tett mellom vardane. Etterkvart som du tek høgde oppover får du stadig betre og betre utsikt. Når du kjem opp på ryggen løner det seg å gå nokre ekstra meter ytst på ryggen mot sør. Her får du svært godt utsikt over Kjøsnesfjorden og fjella kringom. Du får òg sett vegen vidare innover ryggen mot Høgenipa og Skafonnfjellet.

Frå Høgenipa følgjer du ryggen mot Skafonnfjellet. Resten av vegen er det godt merka og tidvis skilta kvar du skal gå vidare. Langs heile ryggen er det lett og fint terreng å gå i. Du får litt bakkar opp og ned langs ryggen, og har fantastisk flott utsikt heile vegen. Då ser også ned att til Fossheimsdalen og Instebotnvatn. Frå Skafonnfjellet går du mot nord mot Løkjabotsegga, og ned att til Fossheimsdalen og Dammen via Nyken.

Mange vel òg å gå denne turen motsett veg enn korleis den er spora her. Om du går den motsett veg vil du få jamnare stigning oppover, og brattare nedstigning. Du kan også velje å gå turen via Kleivafjellet og Vikastøylen. Sjå vedlagte lenker for å få tips til dei alternative vegvala du kan ta.

Det er dårleg mobildekning på store delar av denne turen. Dette er ein utsiktstur i bratt terreng, der det kan bli sleipt og vått ved vete. Det anbefalast å gå turen i godt vær for å få den beste opplevinga.