star
star
star
star
star

Rundtur Ålhus, Longevasshytta, Årdalen.

Rundturen frå Ålhus til Longevasshytta, med retur til Årdalen, er ei DNT-rute plassert i vill og idyllisk Jølsternatur. Eit besøk innom den koselige DNT-hytta Longevasshytta undervegs er prikken...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 890092
Sidan dette er ein rundtur må du organisere deg med anten to bilar eller skyss. Ålhus: Ta av E39 og køyr på Fv454 inst inn i Ålhusdalen til Indrebø, og følg vidare på skogsveg inn mot Godtdalen. Du må betale bom på skogsvegen inn her. Vegen er fin å køyre på, men det er nokre parti der det kan vere utfordrande dersom bilen er for låg. Hugs å lat att grindane etter deg og vis respekt for beitande dyr. Årdalen: Ned att frå Legestøylen køyrer du på skogsvegen Dalevegen, som også er bomfinansiert skogsveg. Dette er ein godt holdt skogsveg som er fin å køyre på. Du kan velje å køyre ned att til Årdal eller Indre Årdal når du kjem ned att frå skogsvegen. Frå her kjem du ned att på E39.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn, Ungdom
Varighet
7 timer
Lengde
24.2 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Rundturen frå Ålhus til Longevasshytta, med retur til Årdalen, er ei DNT-rute plassert i vill og idyllisk Jølsternatur. Eit besøk innom den koselige DNT-hytta Longevasshytta undervegs er prikken over i`en på denne rundturen.

Turen startar med jamn og fin stigning på skogsveg opp til Godtdalsstøylen, og vidare på fin og god sti opp Tolsbotnen. Frå skaret etter Tolbotnen ser du ned til Stigsvatnet der stien ned att til Årdal går. Etter skaret kjem du opp i meir fjell- og steinlandskap ved Litlebotsegga. Her endrar landskapet seg betraktelig, og du er meir på høgfjellet der steinen og berga rår i terrenget.

DNT- ruta er stipla inn på kartet, og følgjer nordover gjennom fjellmasivet. Vi valgte å legge sporet innom dei to høgdedraga ved Stigsvatnet for å hente med oss enno meir utsikt på turen. Sporet vårt går derfor innom høgda 1217 moh og 1245 moh og via Trollebottsegga. Frå her kom vi inn att på stien vidare ned til Longevasshytta. Partiet frå Litlebotsegga og ned til Longevasshytta går i noko meir krevande terreng, og sjølv der stien går kan den vere vanskelig å sjå spor av pga. at terrenget har mykje stein.

Longevasshytta er Indre Sunnfjord Turlag si hytte. Om du har DNT-nøkkel kan du stikke innom å koke deg ein kopp kaffi, kjøpe det noko godt av matlageret her og kose deg i den hyggelige stova. I sommarhalvåret er hytta mykje besøkt, og har mange overnattingsgjester.

Turen ned att til Årdalen frå Longevasshytta går på tydelig og fin sti. Landskapet er vakkert og dramatisk rundt deg, og når du kjem fram til Kupevatnet og Stigsvatnet kan det lønne seg å setje seg ned å ta ei ekstra rast for å berre nyte fområdet rundt deg. Stien langs Stigsvatnet er tydeleg og lett å fin å gå på etter at den for nokre år sidan vart rusta opp av sherpaer. Når du går langs vatnet kan du sjå opp på dei to toppane du har besøkt tidlegare på dagen. Frå Stigsvatnet og ned att til Legestøylen i Årdalen går stien i ope og fint beitelandskap.

DNT har merka rute både frå Ålhus og Årdalen slik at det vert ein fin rundtur. Dei fleste som besøker Longevashytta går frå Legestøylen Årdalen og via Stigsvatnet. Denne turen er relativt enkel å gå, og høver godt som familietur. Det er flott å overnatte på Longevasshytta. Legg ved eit par lenker som viser ruta frå Årdalen og informasjon om Longevasshytta.