Ruben Magnus & Marie Løvås / Fuglen Gamlebyen

Låtskrivar og artist Marie Løvås gav ut sitt debutalbum “Natta ser det som ingen ser” på tampen av februar 2020. Albumet vart gitt ut på Kirkelig Kulturverksted, og fekk varm omtale mellom alle...
23.May
-
7:00pm

Detaljer

Låtskrivar og artist Marie Løvås gav ut sitt debutalbum “Natta ser det som ingen ser” på tampen av februar 2020. Albumet vart gitt ut på Kirkelig Kulturverksted, og fekk varm omtale mellom alle pandemi-pressekonferansane. Marie befinn seg i eit melodiøst og upolert viseunivers, med tekstar som beveger seg gjennom varm lyng og stødige fjell på Sunnmøre, over i den travle 17-trikken mot Holbergsplass, og inn i hennar eigne, ufiltrerte tankar som stadig er på leit etter dei riktige orda. I 2022 mottok ho Statens kunstnarstipend for unge nyetablerte populærkomponistar, og er snart klart med sitt andre soloalbum. // Ørstingen Ruben Magnus slapp hausten 2023 sitt debutalbum “Ej he bestemt mej for å flytte ut av haudet mitt”, produsert av sambygding Egil Olsen. Ruben Magnus har blitt kjent for si evne til å sette fortvilelse på spissen med humor som verktøy. Eit gjennomgåande tema på plata er einsomheit, galskap og naturen. Vi møter folk som banker opp lyktestolpar, kjenner ei trengsel for å tenne på barneskulen sin, ønsker å bli til steiner i ei elv, flytter inn I trær, og som vil lære seg å ete hol i himmelen. Tekstene har ein observerande natur over seg, så kan ein spørre seg om det er dette dei som veks opp i Ørsta på Sunnmøre er omgitt med. I 2023 spelte han på fleire scener og festivalar rundt om i landet, blant anna på Unge Viser arrangementet til Norsk Viseforum.

Praktisk info

Enjoy-kode: 278224
Type
Konserter
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Thursday
23/05 2024 7:00pm
Gamlebyen ZZ Pizza St. Halvards gate
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.