star
star
star
star
star

Rogdastølen, Solnuttrimmen.

Rogdastølen Turen startar frå klyngetunet på Rogdo som ligg omtrent 270 moh. Turen går vidare mot nord på fin traktorveg til skilt mot Rogdastølen. Vegen opp til Rogdastølen er godt merka og...
Foto: Susanne Lothe Måkestad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 674709
Fra fylkesvei 550 mellom Odda-Utne tar du av ved Aga mot Rogdo. Her følger du veien til endes på grusveien. Parkeringsmuligheter er noe begrenset, da dette er eit klyngetun og private eiendommer. Sjå etter parkerings skilt på høyre side kor vegen endar. (Parkering til 3-4 bilar).
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Ungdom, Eldre
Varighet
30 minutter
Lengde
2.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Rogdastølen Turen startar frå klyngetunet på Rogdo som ligg omtrent 270 moh. Turen går vidare mot nord på fin traktorveg til skilt mot Rogdastølen. Vegen opp til Rogdastølen er godt merka og skilta. Det første partiet er ganske bratt opp til Kvilingahaug. Her kan du ta ein pust i bakken og nyta den flotte utsikta utover Sørfjorden og området rundt Rogdo. Her ser du rett ned på taka til klyngetunet. Videre held turen fram mot stølen som ligg eit stykke over tregrensa. Her har du 360 grader med flott utsikt og natur. Postkassen heng ved ein stor stein/heller på nordsida av bekken når du kjem opp der det tek til å flata ut. Her er det fint å sitja i fall ein ynskjer litt tak over hovudet. Litt om Rogdastølen: Frå gamal tid støla garden Rogdo på Rogdastølen - rett opp frå gardstunet og i omlag 700 høgd. Ikring 1790 tok ei svær snøskrede med seg stølshusa og sopa dei vekk. Rogdingane fann det ikkje tilrådeleg å byggja opp att stølshus her, og tok i veg austover Hardangervidda slik som mange andre gardar gjorde på den tid. I 1820 tok dei så utrop på beitet Hansbulægeret i Kvennodalen. Turen kan kombinerast med mange andre fine turar i området, vist på ut.no.

NB ! Skredfare utanom sesong. Sjå link.