star
star
star
star
star

Røafjellet (589 m.o.h) frå Rød

Turen er nesten 5 km ein veg og går i variert terreng. Fleire myrområder og støvler/fjellstøvler er difor ein fordel. Turen er vurdert som ein raud tur ("krevende"), men er eigentleg ikkje så...
Foto: Simen Soltvedt

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 300465
Frå Eikelandsosen: Følg RV 48 mot Holdhus. Køyr forbi krysset til Skjelbreid og ta av første avkøyring til høgre - inn til Rød. Parker rett etter du har svinga inn, der vegen deler seg til venstre og høgre.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
5.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen er nesten 5 km ein veg og går i variert terreng. Fleire myrområder og støvler/fjellstøvler er difor ein fordel. Turen er vurdert som ein raud tur ("krevende"), men er eigentleg ikkje så krevande. Turen tar berre litt tid.

Parkering i kryss rett etter avkjøring frå RV 48 inn til Rød, ved skilt som viser retning mot Røafjellet. Følg vegen (privat) oppover. Ikkje ta av i kryss oppover, men følg vegen opp gjennom gårdstun og vidare opp til eit kvitt hus. Her finn du informasjonstavle om turen til Røafjellet. Følg så skogsveg oppover i lia. Det er fleire avstikkarar på skogsvegen, men hold deg på "hovudskogsvegen" oppover. Skogsvegen går så over til sti. Først etter eit lite stykke på sti er løypa merka. Herfra går du opp, og ned og bort, og mange av dei flate strekka er våte myrar. Turen er ein ekte "luretur" der du flerie gongar trur du ser toppen.

Flott utsikt frå toppen mor Sævareidsfjorden i sør. Retur samme veg eller ned til Sævareid.