RIT - lanseringsturné, ny musikk til tekstar av Olav H. Hauge

Konsertframsyninga «RIT» har fått namn etter etter Olav H. Hauge sitt dikt «Rit», som er eit gamalt ord for «å skriva». Komponist, tekstutviklar, musikarar og sceneinstruktør har samarbeida tett i...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
23.sept
-
kl 19:00

Detaljer

Konsertframsyninga «RIT» har fått namn etter etter Olav H. Hauge sitt dikt «Rit», som er eit gamalt ord for «å skriva». Komponist, tekstutviklar, musikarar og sceneinstruktør har samarbeida tett i denne produksjonen om å utforska Hauge sitt draumelandskap. Målet er å føra publikum inn i tankar, kjensler og rom dei ikkje har gjesta tidlegare. Eit rom som freistar søkja lyden av det indre liv, der også stille er eit ynskje om endring.

RIT er forma som ein monolog som vekslar mellom resitasjon, forteljing og song. Verket teiknar ei utvikling med moment av humor, drama, angst, men også ei ro som byr på opnenheit, refleksjon, meditasjon og ei større oppleving av Hauge sin poesi.

Medverkande: Songaren Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans sopran og folkesongar. Ho har hatt konsert turnéar over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane innan klassisk musikk til ny musikk, vise og folkemusikk.

Pianist og komponist Inger-Kristine Riber utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Hochschule Für Musik, Theater und Medien Hannover (Tyskland). I tillegg til sine solostudium i klassisk piano og kammermusikk, har Riber også markert seg innan kulturell entreprenørskap. Mykje av arbeidet hennar er farga av ein visjon om å skapa nye arenaer for klassisk musikk.

Katherine Hansontok si doktorgrad på Olav H. Hauge med avhandlinga “Nature Imagery in Olav H. Hauge’s Poetry” (Department of Scandinavian Languages and Literature). Hanson har undervist på St. Olaf College, Pacific Lutheran University og seinast the University of Washington der ho er Affiliate Associate Professor.


Med atterhald om endringar.

Me fylgjer til ei kvar tid retningslinene til styresmaktene og det kan på kort varsel verta fleire tilgjengelege billettar. Skulle me måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna covid-19 vil kjøpte billettar bli refundert.

TRYGT KONSERTBESØK

Me fylgjer styresmaktene sine føreskrifter og retningsliner for å skapa eit sikkert miljø for publikum og medverkande.Når du vitjar konserten ber me deg om at du:

  • Held god avstand til andre vitjande
  • Fylgjer retningslinene for inn- og utgang
  • Er nøye med hand- og hostehygiene
  • Ikkje ta del om du har luftvegssymptom eller sit i karantene.

Ein bør rekne noko meir ventetid ved innslepp til konserten enn vanleg, og me tilrår å møte opp min. 20 min før konserten startar. Me ynskjer deg ein god konsert og me gler oss til å sjå deg!

Praktisk info

Enjoy-kode: 424022
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.