Reolo i låven på Nutheim

Reolô hentar inspirasjon frå mange kantar, men det er alltid folkemusikken som lusker i bakgrunnen. Bandet vekslar saumlaust mellom hardtslåande og originale låtar, tradisjonelle slåttar bygd på...
08.mar
-
kl 19:00

Detaljer

Reolô hentar inspirasjon frå mange kantar, men det er alltid folkemusikken som lusker i bakgrunnen. Bandet vekslar saumlaust mellom hardtslåande og originale låtar, tradisjonelle slåttar bygd på mikrotonale og mikrorytmiske element, transebringande improvisasjonar og seige rockegrooves. Tematisk handlar uttrykket i stor grad om møter mellom utanforståande spelemenn og underjordiske krefter, gestalta av huldra.

Medlemmane er på ulike hald kritikerrosa og prisbelønna, Anders Røine har til dømes både fått prisen som «årets folkemusiker» og Spellemannprisen i 2018, mens Hans Hulbækmo og Kjorstadbrørne opererar innanfor eit vell av ulike sjangrar og spelar blant anna med solide band som Moskus, Marthe Lea Band, Frode Haltli Avant Folk, Vassvik og Morgonrode.

Reolô har mellom anna spelt på Jørn Hilme-stemnet, Ultimafestivalen, VRENG i Bergen, Oslo World og Tuvas Blodklubb.

I bandet:

Hans Kjorstad

Rasmus Kjorstad

Hans Hulbækmo

Anders Røine

Linkar til videoar:

Reolo på Blodklubb 25. februar 2023 - klipp 1

Reolo på Blodklubb 25. februar 2023 - klipp 2

Reolo på Blodklubb 25. februar 2023 - klipp 3

Linkar til albumet ”Andre sida”:

Soundcloud

Apple Music

Spotify

Praktisk info

Enjoy-kode: 869944
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Fredag
08/03 2024 kl 19:00
Låven på Nutheim Flatdalsvegen 1283 Flatdal
I samarbeid med LinTicket

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.