Release-Turne med Josefin Winther

Med ein av Norges mest spelte radiolåtar har Josefin Winther introdusert seg sjølv som ein nasjonal artist å rekne med i åra som kjem. Sidan sin debut i 2006 har ho hausta anerkjenning for sine...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
09.mar
2023
kl 20:00

Detaljer

Med ein av Norges mest spelte radiolåtar har Josefin Winther introdusert seg sjølv som ein nasjonal artist å rekne med i åra som kjem. Sidan sin debut i 2006 har ho hausta anerkjenning for sine livekonsertar. Allereie som 19-åring fekk ho platekontrakt og debuterte samme år. Winther har sidan den gong gitt ut seks studioalbum, hausta strålande kritikkar og gjort suksess som låtskrivar, blant anna med Norges vinnarlåt i MGP 2014. Den norskspråklege debuten "Uendelig lys. Uendelig mørke." blei løfta fram som eit kunstnarisk vendepunkt for henne. I april 2020 fulgte ho opp suksessen på morsmålet, med EPen "Helt hel". Denne mottok svært gode kritikkar, og singelen "Fint å se deg her" ble A-listet på NRK P1. Siden den gong har ho sleppt nok eit album (2021) og en EP (2022). Hennar første engelskspråklege utgjeving på fire år kjem i februar 2023.

Ho er kjend for sitt gripande nærvær og kraft på scena, der ho kan fange eit kvart rom ålene med gitaren. Signaturen er intense liveopptredenar, der ho rett som det er deler frå sine tankar og kjensler. Dette gjer ho like gjerne med eit smil om munnen som med ei tåre i augekroken.

Josefin Winther turnerer med dei to svært erfarne musikarane Ronny Yttrehus (gitar) og Reidar Frugård Opdal (keys), og saman har dei utvikla eit sound som opplevast som stort og fyldig, samtidig som dei boltrar seg i nærheit, speleglede og spontanitet.

Praktisk info

Enjoy-kode: 717026
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.