star
star
star
star
star

Reksta på langs, trefjellstur

Reksta på langs går frå Selvåg, som ligg på austre enden av Reksta, til Rognaldsvåg som ligg lengst vest på øya. Eller du kan gå den andre vegen. Stien er godt merka. Frå Selvågen går turen...

Praktisk info

Enjoy-kode: 609252
Rutebåten går til både Selvåg og Rognaldsvåg. Det kan vere lurt å ta båten frå Florø kl 14.30 (alle dagar) eller 16.00 (måndag - fredag) til Selvåg. Så kan du reise inn igjen til fastlandet med kveldsruta, som går frå Rognaldsvåg ca kl 20.30 (litt ulik rute frå dag til dag). Sjekk www.fjord1.no
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
6 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Reksta på langs går frå Selvåg, som ligg på austre enden av Reksta, til Rognaldsvåg som ligg lengst vest på øya. Eller du kan gå den andre vegen. Stien er godt merka. Frå Selvågen går turen forholdsvis bratt opp til varden (med turbok) på Storefjellet (173 moh.), her det flott utsikt innover skipsleia og Florø. Du går langs ein spektakulær fjellrygg, vestover og ned mot indre Reksta.

Her går du vidare opp til Vasslifjellet, der du finn neste turbok, ved Likkjevatnet (ca 160 moh.). Etter ein bratt nedtur via Djupedalen til Storevatnet, går ein i flatt terreng til bygdevegen mot ytre Reksta. Her i Råsa går stien bratt opp mot Harefjellet. På toppen går du langs ein fjellryggen, med flott utsikt mot nord. Etter å ha kryss Rognaldsvåg vassverk, går turen opp mot sjølve Harefjellet (220 moh.). Ved varden finn du den tredje turboka på turen. Her kan du nyte ei fantastiskt utsikt, i alle himmelretningar. Bratt nedstigning mot Rognaldsvåg.

Her finn du eit godt bevart og fortetta fiskevær. Landhandelen ligg rett ved kaia. Eit alternativ er å gå delar eller heile turen langs sjøen. På sørsida kan ein gå delvis på veg og god sti langs sjøen. På nordsida går det asfaltert veg frå indre Reksta til Rognaldsvåg.