star
star
star
star
star

Reindalsråket i Skjåk

Reindalsråket går frå Nysetra til Hamsedalen, og er ein del av den gamle ferdselsvegen til Tafjord. Du kan starte å gå Reindalsråket frå 6 stader: Frå Hamsedalen, Skomakersteinen, Kjerringelva,...

Praktisk info

Enjoy-kode: 253335
Køyr Rv15 4,3 km vest for Grotli i Skjåk, og ta av inn til rasteplass til høyre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa.
Eller køyr Rv15 til Grotli, og parker ved hotellet.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
7 timer
Lengde
18.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Reindalsråket går frå Nysetra til Hamsedalen, og er ein del av den gamle ferdselsvegen til Tafjord. Du kan starte å gå Reindalsråket frå 6 stader: Frå Hamsedalen, Skomakersteinen, Kjerringelva, Grotli, Glåmbakken eller Stuttgongen.

Her er omtalen med start frå Hamsevika. Følg Hamserunda på bru over Skomakerelva like etter start, og innover Hamsedalen på austsida av Hamsa i 3,3 km.

Du går forbi eit kryss etter 3,0 km der Hamserunda går ned mot bru ovanfor 1.vatn. 0,3 km lenger fram ved Hella i Hamsedalen, tek Reindalsråket av mot søraust. Etter eit par hundre meter går du forbi Hella som farande folk nytta til enkel overnatting. Råket går opp mot Skomakersteinen der det kryssar DNT-stig Hamsevika-Danskehytta. Her ligg Skomakersteinen 150 meter oppe i bakken med ein varde på toppen. Skomakersteinen vart nytta til overnatting av farande folk i eldre tider.

Etter 5 km på Reindalsråket, er du ved Kjerringtjønn. Her kjem stigen opp frå Kjerringelva. Råket går vidare søraust til eit stigkryss der du kan gå ned til Grotli.

Gå vidare mot søraust og forbi stigkryss med stigen ned ti Glåmbakken og Rv.15.

Stigen vidare over Måsåbakkane og ned til Stuttgongen på Nysetra er 4 km. Den fyrste delen er lagt over Måsåbakkane. Reindalsråket gjekk i gamle dagar der kraftlina går i dag.