Raudhette og ulven // Nordhordalandshallen

Raudhette og Ulven Det var ein gong i ein skog i eit land i ei stove ei lita jente som heitte Raudhette. Heilt åleine måtte ho gå den lange vegen gjennom skogen med mat til bestemora som var blitt...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

14.apr
2021
kl 18:00

Detaljer

Raudhette og Ulven

Det var ein gong i ein skog i eit land i ei stove ei lita jente som heitte Raudhette. Heilt åleine måtte ho gå den lange vegen gjennom skogen med mat til bestemora som var blitt for gammal og skrøpeleg til å ta vare på seg sjølv.

Men hei, vent nå litt! Veit vi heilt sikkert at ho var så liten? Og var ho eigentleg jente? Viss eventyret om den raude kappa og den svoltne ulven er over tusen år gammalt, har det sikkert blitt kviskra meir enn ti tusen gonger, og talet på spørsmål har nesten like mange nullar bak seg. Kven var det modige barnet i den raude kappa, eller var det eigentleg ein hatt? Blir Raudhette faktisk redda til slutt, eller er det noko vi har dikta til på slutten for ikkje å skremme små, uskuldige born? Og så er det hovudspørsmålet, kjære publikum: Kva har Raudhette i korga si, er det eit hemmeleg våpen, ei flaske saft, brød eller kaker?

Den prislønte regissøren Alex Byrne kjem til Teater Vestland for å skape eventyrleg stemning. Han er kjent for leikne adapsjonar av «Snøhvit», «Skjønnheten og udyret» og «Hans og Grete». Ta med deg heile familien til eventyrland!

Framsyninga varar i ca 1 time og 30 minutt.

Med atterhald om endringar.

REGISSØR: ALEX BYRNE REGIASSISTENT/DRAMATURG: Elisabet Topp SCENOGRAF- OG KOSTYMEDESIGNAR: MARI LOTHERINGTON LYSDESIGNAR: KRYSTIAN MYSKA DRAMATURG: Cecilie Grydeland Lundsholt KOMPONIST/MUSIKALSK ANSVARLEG: Gregory Hall

MEDVERKANDE

Kyrre Eikås Ottersen Anne Wiig Bård Watn Katrine Lunde Mackenzie

Med atterhald om endringar.

TRYGT TEATERBESØK

Teater Vestland følger myndigheitene sine forskrifter og retningslinjer for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette. Når du besøker teateret ber vi deg om at du:

  • Held god avstand til andre besøkande
  • Følgjer retningslinjene for inn- og utgang
  • Er nøye med hand- og hostehygiene
  • Ikkje besøk teateret dersom du er har luftvegssymptom eller sit i karantene.

Ein bør berekne noko meir ventetid ved innslepp til framsyninga enn vanleg, og vi anbefaler å møte opp 30 min før framsyninga startar.

Vi ønskjer deg eit hyggeleg teaterbesøk og vi gler oss til å sjå deg!

Praktisk info

Enjoy-kode: 303432
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker