Raudhette og ulven // Belehalli

Raudhette og Ulven Det var ein gong i ein skog i eit land i ei stove ei lita jente som heiter Raudhette. Heilt åleine må ho gå den lange vegen gjennom skogen med mat til bestemora. Ho må love å...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
22.apr
-
18:00

Detaljer

Raudhette og Ulven

Det var ein gong i ein skog i eit land i ei stove ei lita jente som heiter Raudhette. Heilt åleine må ho gå den lange vegen gjennom skogen med mat til bestemora. Ho må love å ikkje gå av stien, og ho må ikkje snakke med framande, men på vegen møter ho ulven som lurer henne til å tru at han er like glad i blomar som det ho er. Er ulven berre slem, eller har han kanskje sine eigne ting å slite med?

I vår versjon av det urgamle eventyr er det masse gøy og musikk på scena. Skodespelarane dukkar opp med mange forskjellige instrument, og det er fullt band på scena. Scenografien består av ein heil skog, og bestemor bur i ei campingvogn som er litt magisk.

Stykket er utvikla gjennom ein leiken prosess på scena. Regissør Alex Byrne er ein av dei fremste på å lage familieframsyningar, ikkje berre i Storbritannia der han held til, men i heile verda, og han har fått med seg eit kraftlag: regiassistent og dramaturg Elisabet Topp, scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington, teaterets eigne lysdesignar Krystian Myska og komponist Gregory Hall. På scena står Anne Wiig, Kyrre Eikås Ottersen, Bård Watn og Katrine Lunde Mackenzie.

Ta med deg heile familien til eventyrland!

Anbefalt aldersgrense: Frå 4 år.

Framsyninga varar i ca 65 minutt.

Med atterhald om endringar.

NB!

Publikum vert plassert i salen i kohortar. Om ikkje anna er informert, tar vi utgangspunkt i samla billettkjøp per person.

Vi oppmodar om å kjøpe billettar samla dersom de er ulike billettkjøparar i same kohort og ønsker å sitte saman på framsyninga.

TRYGT TEATERBESØK

Teater Vestland følger myndigheitene sine forskrifter og retningslinjer for å skape eit sikkert miljø for publikum og tilsette. Når du besøker teateret ber vi deg om at du:

  • Held god avstand til andre besøkande
  • Følgjer retningslinjene for inn- og utgang
  • Er nøye med hand- og hostehygiene
  • Ikkje besøk teateret dersom du er har luftvegssymptom eller sit i karantene.

Ein bør berekne noko meir ventetid ved innslepp til framsyninga enn vanleg, og vi anbefaler å møte opp 30 min før framsyninga startar.

Vi ønskjer deg eit hyggeleg teaterbesøk og vi gler oss til å sjå deg!

Praktisk info

Enjoy-kode: 319484
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker