star
star
star
star
star

Raudbergnuten

Dette er ein spennande og flott tur til ein av dei høgste toppane i området, med fantastisk utsikt over Bandak. På vegen går ein også forbi spor av gammal gruvedrift, ein av dei høgstliggjande...

Praktisk info

Enjoy-kode: 962951
Det er mogleg å parkere ved bommen på Breidalen, så lenge ein ikkje hindrar anna trafikk.
Type
Turer
Passer for
Voksen, Barn, Senior
Varighet
6 timer
Lengde
5.1 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein spennande og flott tur til ein av dei høgste toppane i området, med fantastisk utsikt over Bandak. På vegen går ein også forbi spor av gammal gruvedrift, ein av dei høgstliggjande forekomstar av barlind, og dessuten eit gammalt bjørnehi.

Ein parkerer nede ved bommen på Breidalen, og går dei fyrste kilometrane innover langs skogsbilvegen. Sjølve turen mot Raudbergnuten startar litt ovanfor Bekkjekrokan, der ein tar av frå skogsbilvegen og følger ein liten traktorveg sørover. Omtrent midt foran bratthenget ned fra nuten går det ein sti opp. Kartuttegninga her er nok ikkje heilt nøyaktig, men det skal både være sti og merker ein kan følge. Ruta går oppover mot høgre innunder bratthenget, og skal være grei og finne. Som nevnt passerar ein her både barlind, gamle gruvar og eit bjørnehi. Sistnevnte er litt vanskeleg å finne, men det ligg nokre meter ovanfor stien på ein av dei brattaste stadene.

Det er mogleg å kombinere denne turen med andre turar i området. Ein kan til dømes gå ned på vestsida av Raudbergnuten og bortover til garden Flekstveit og vidare ned til Lårdal. Det er også mogleg å gå ned igjen fra Raudbergnuten samme veg som ein kom opp, men så gå langsetter pynten ut mot Bandak, bort til garden Uddedalen, og derfra tilbake til Breidalen langs vegen eller langs pynten ut mot Bandak. Obs! Desse alternativa er ikkje med i tidsoverslaget, og kan være mykje å klare på ein dag.