star
star
star
star
star

Rasteplassen Eikefjord til Silanipa Rundtur

Følg stien opp til Eikefjordstøylen frå parkeringsplassen. Ovanfor Eikefjordstøylen står det ei stor gammal furu - føl vardinga frå den som dreier litt vestover. Vidare oppover er det varda til ein...
Foto: Arnfrid Bergheim

Praktisk info

Enjoy-kode: 934711
Rasteplassen i Eikefjord ved Rv 5
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Varighet
6 timer
Lengde
13.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Følg stien opp til Eikefjordstøylen frå parkeringsplassen. Ovanfor Eikefjordstøylen står det ei stor gammal furu - føl vardinga frå den som dreier litt vestover. Vidare oppover er det varda til ein kjem på toppen. Vidare går du austover og litt sør for toppen på 700 moh. Følg tråkket austover til du kjem fram til Silanipa og varden står litt austafor toppen. Tilbake går du same veg til du kjem til toppen på 700 moh. Gå over den og ned til dei små vatna og kryss over der sporet viser på kartet. Følg høgda utover/vestover og på nordsida av Storefjellet. Gå gjennom dalsøkket på sørsida av elva. Kryss over elva eit stykke der det er myrete og vått så tilbake att. Gå opp på fjellryggen midt i dalen og fortsett utover/vestover til endes av denne. Du kjem inn på eit tråkk som fører deg til stien som kjem ned frå Nipevatnet. Følg dette nedover til Hovlandssstøylane. Herifrå går du traktorvegen attende til rasteplassen/parkeringsplassen.

Stitraceen som er lagt inn er gått 14 05 2019 og er grei å følge. Det var enkelte dyretråkk som vi gjekk på ellers prøvde vi å finne ein rimeleg grei vei å gå.