star
star
star
star
star

Rasteplassen Eikefjord - Skreene - Nipevatnet - Strandanipa. Middagsnipa - Tonheim

Dette er ein fin kveldstur i juni å få med seg solnedgang Frå Rasteplassen krysser du hovedvegen og følg stien og vidare på traktorvegen til Hovlandsstølane. Frå Hovlandsstølane går du...
Foto: Adam Wilson

Praktisk info

Enjoy-kode: 406869
Start frå Rasteplassen i Eikefjord på RV 5
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
8 timer
Lengde
13.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein fin kveldstur i juni å få med seg solnedgang

Frå Rasteplassen krysser du hovedvegen og følg stien og vidare på traktorvegen til Hovlandsstølane.

Frå Hovlandsstølane går du traktorvegen oppover eit stykke til. Fortset vidare på stien med raudmåla pålar som viser veg vidare. Kryss elva på brua og gå oppover Brekka. Du kjem til elva ved Rindane. Følg denne ryggen vestover til du er rett innanfor ein liten foss. Er fossen stor, følg ryggen litt videre vestover og kryss over to små bekker. Stien følgjer stort sett elva oppover til Nipevatnet.

Frå Nipevatnet gå fram til Skreene på vestsida av vatnet. Frå Skreene har du fin oversikt over Norddalsfjorden i nord.

Vidare frå Skreene er det delvis merka/umerka sti utover til Flatenipa og vidare til Strandanipa. Du går vestover og opp på ryggen mot Norddalsfjord. Følg denne vestover og opp mot høgdedraget. Deretter er det berre å gå mot toppen. Siste stykket oppover må du klatre opp til Flatenipa og det er best å gå på sørsida. Vidare over til Kvitefjell (Litlenipa), deretter går turen mot Strandanipa.

Frå Strandanipa går turen nedover før ein går opp til Middagsnipa og ned til Tonheimslia

Sporet som ligg er gått juni 2018