star
star
star
star
star

Rasteplassen Eikefjord Knollane 590 moh

Nord om Rasteplassen er det skilta til Eikefjordstøylen. Det er godt merka sti oppover i terrenget. 200 meter etter start tek du inn på stien. Deretter er det berre å følgje den godt opptrakka...
Foto: Astrid B Eliassen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 995260
Rasteplassen i Eikefjord ved Rv 5
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Nord om Rasteplassen er det skilta til Eikefjordstøylen. Det er godt merka sti oppover i terrenget. 200 meter etter start tek du inn på stien. Deretter er det berre å følgje den godt opptrakka stien oppover forbi Bjønnamyra og Kleivane. Oppe ved brua er stidelet til Knapstadstøylane.

Vidare oppover til Eikefjordstøylen må du vere spesielt oppmerksom i Rømmeskåra! Det er blitt fortalt at Lucia datt med rømme bøtta og i Luciaræva og rømmen randt ned i Rømmeskåra og der av kjem navna - Luciaræva og Rømmeskåra. Er fjellet vått kan det være glatt og isete. Frå Eikefjordstøylen er det flott utsikt over bygda og fjorden. Herifrå ser du også varden på toppen av Knollane. Følg varda sti oppover bak støylane til du kjem til den store furua på kanten. Herifrå går du oppover mot varden i terrenget. Når du er nester framme i skaret, ta til høgre men godt innanfor kanten då der er ei sprekke i fjellet mot kanten siste oppstiginga til varden.

Får varden på Knollane har du flott utsikt utover Eikefjorden og øyane i Flora bassenget.