star
star
star
star
star

Pyttaskogen - nærtur i Hå

Pyttaskogen ligg like nord for jernbanestasjonen på Nærbø. Her er det fint å ta seg ein tur når det blæs for mykje, eller når ein rett og slett har lys på ein liten skogtur. Frå Nærbø togstasjon...
Foto: Anne Katrine Lycke

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 846958
Med tog til Nærbø stasjon. Med bil eller buss til P-plass ved Nærbø stasjon.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.1 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Pyttaskogen ligg like nord for jernbanestasjonen på Nærbø. Her er det fint å ta seg ein tur når det blæs for mykje, eller når ein rett og slett har lys på ein liten skogtur.

Frå Nærbø togstasjon går du nord langs Jernbanevegen og over rundkøyringa på Bernervegen. Vidare fortset du nordover Jernbanevegen til Reime fabrikker. Her går du forbi butikkar og Nærbø industripark. Vidare er det skogsti gjennom Jernbaneskogen, over Bøvegen og inn i Pyttaskogen. Her går du beint fram og fylgjer skogsti i ytterkanten av skogen. På vegen attende går du forbi Miljøstasjonen og eit industribygg og over Bøvegen attende gjennom Jernbaneskogen til Nærbø togstasjon. I Pyttaskogen og Jernbaneskogen er det mange stiar ein kan velja. Turen i Pyttaskogen er godt merka med raude T-ar i begge retningane.

På Nærbø stasjon står det ein bauta av Johan David Lorange. Han var leiar for bygginga av Jærbanen som vart opna 28. febr. 1878. Lorange var pådrivar for å planta skog ved fleire stasjonar på Jærbanen frå år 1880 og utover. I ca år 1900 kjøpte NSB 333 dekar like nord for Nærbø st. for å planta skog. Pyttaskogen var ein del av desse 333 dekar, som Hå kommune eig i dag.