star
star
star
star
star

Prestavegen - frå Årdal gamle kyrkje til Eggjabø

I eldre dagar var Prestavegen bindeleddet mellom dei to bygdene Årdal og Hjelmeland. Prestavegen var den lengste vegen i prestegjeldet. Vegen er i dag eit kulturminne som dessverre fleire stader er...
Foto: Hjelmeland kommune

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 576899
Kjem du i retning frå Tau kan du ta av til høgre frå RV13 ca 200 m etter Storå bru. Kjør deretter rett fram ca 2 km til du ser den raudmåla Årdal gamle kyrkje. Her startar Prestavegen. Du kan elles ta av frå RV13 ved Årdalstunet og kjøra på Kyrkjevegen ca 2 km opp til kryss med Sedbergsvegen, her svingar du til venstre bort til Årdal gamle kyrkje.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
4.1 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

I eldre dagar var Prestavegen bindeleddet mellom dei to bygdene Årdal og Hjelmeland. Prestavegen var den lengste vegen i prestegjeldet. Vegen er i dag eit kulturminne som dessverre fleire stader er heilt borte. Frå Årdal gamle kyrke og opp til Ingvaldstad er derimot vegen ennå nokså godt synleg i terrenget. Kirsten Ingvaldstad (1927-2007) samla i si tid interessante opplysingar om Prestavegen og historier knytt til denne.Dette kan du lesa i eit kopiert skriv som du finn i bakkane opp mot Eggjabø. Med Årdal Bygdaråd i førarsetet vart eit strekke av Prestavegen på ca 2 km, frå Årdal gamle kyrkje til Riskedal, opparbeida til flott turvegstandard. Denne vegen vart opna i 2016. Resten av vegen har nok ikkje same fine standard, men er ganske grei å ferdast på. Likevel må ein nok kanskje seia at denne har større interesse som kulturhistorisk veg enn som tursti? Følg same merka sti som "Riskedalsvatnet rundt". Men etter å ha gått ca 300 m på riksvegen, tek du av til høgre ved gardstunet på Riskedal, ca 100 m før brua. Stien kryssar deretter ei ekre nedanfor gardstunet Vodl og går nokså bratt oppover Riskedalsbakkane mot riksvegen.På riksvegen svingar du til høgre og går nedover denne ca 50 m før du tek av til venstre og går oppover mot Eggjabø. Frå RV13 ved Riskedal og vidare oppover lia kan det i regnfulle periodar i sommarhalvåret vera høgt fuktig gras. Det kan derfor vera lurt å sko seg med tanke på det? Dermed kan ein kanskje sei at denne delen av Prestavegen vil vera meir attraktiv i vinterhalvåret? .