Premiere Laurdag 19. juni

På speleplassen ved Kinnakyrkja opnar det seg ein scenografi med blått hav og høg himmel. Kinnaklova og den gamle kyrkja frå 1100-talet, rammar inn landskapet som spelar med i "Songen ved det store...
19.jun
-
12:30

Detaljer

På speleplassen ved Kinnakyrkja opnar det seg ein scenografi med blått hav og høg himmel. Kinnaklova og den gamle kyrkja frå 1100-talet, rammar inn landskapet som spelar med i "Songen ved det store djup", og fortel ei meir enn 1000 år gamal dramatisk historie. Dette er teateret ved havet, så langt vest du kan kome i Norge - det er ei oppleving du sjeldan finn maken til.

I tillegg til teaterstykket "Songen ved det store djup" kan du gå turar i storslått natur. Å kose seg og treffe folk, er ei viktig del av opplevinga på Kinn. I to kioskar kan du få kjøpe mat og drikke. Det er viktig med gode kle når ein skal sjå utendørsteater så langt vest i havet. Kinnakyrkja er nyrestaurert. Årets Kinnaspel blir spesielt. På grunn av smittesituasjonen vil vi legge vekt på at det å reise på Kinn skal vere trygt. Det vil vere redusert tal passasjerar i båtane og ein vil få eit fast tidspunkt for båtavgang til og frå Kinn. Dette for å unngå kø.

Det er ein båtreise på 25 minutt frå Florø og ut til øya Kinn.

Kinnaspelet vert framført av Teater Vestland. Musikarar og 160 lokale aktørar er med på spelet. Spelet varer 1,5 timer uten pause.

For meir info sjå www.kinnaspelet.no

Praktisk info

Enjoy-kode: 208947
Type
Scene
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo