star
star
star
star
star

Poestien, rundtur

Skildring av tur Poestien er ein rundtur på 6,1 km langs veg/ traktorveg rundt bygda Øvre Krossdalen, og du bestemmer sjølv startpunkt og retning. Ved bommen til Folgefonna er det ei...

Praktisk info

Enjoy-kode: 496467
8,0 km frå Jondal mot Folgefonna. Du kan starte her ved vegkrysset til Folgefonna eller rett fram over brua til skulehuset på Kvåle, om lag 0,9 km etter brua. Parkering på eige ansvar. Like før vegbommen på Fonnavegen er det på høgre side ei infotavle.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
6.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Poestien er ein rundtur på 6,1 km langs veg/ traktorveg rundt bygda Øvre Krossdalen, og du bestemmer sjølv startpunkt og retning. Ved bommen til Folgefonna er det ei informasjonstavle for turane i området. Ved skulehuset på Kvåle er det kasse med bok å skriva i. Langs Poestien er det kvilebenker og plater med dikt. Turen er eigna også for barnevogn o.l. Eit lite stykkje av turen er traktorveg, elles er det fast underlag.

Sesong

Du kan gå Poestien heile året, men i vinterhalvåret vert berre delar av turen brøytt.

Råd for turen

-Du kan bruka joggesko; berre litt vått på ein del av traktorvegen.

  • Ta med drikke.
  • Hugs å stengja dei grindene du passerer.
  • Kart og kompass eller GPS er ikkje naudsynt. Orienter deg på informasjonstavla ved bommen på Fonnavegen.
  • Mobildekning er god på heile turen.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.