star
star
star
star
star

Pineskår - Gullbergnotten

Skildring av tur Turen går i Gullbergnotten naturreservat og for det meste i tørt terreng. Første halvdel av turen går du i lauvskog, og stien er tildels bratt og krevjande. To plassar er det...
Foto: Steinar Smith

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 452619
Ta veg 550 nordover frå Jondal sentrum, 1,4 km, til du er kome gjennom ein kort tunnel. (Det er tillate å gå gjennom tunnelen). Staden heiter Pineskår. Parkering på sjøsida av vegen, men ikkje sperr porten til miljøstasjonen. På motsett side av vegen er det informasjonstavle og skilt til Gullbergnotten. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Ungdom, Barn, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
2.1 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Turen går i Gullbergnotten naturreservat og for det meste i tørt terreng. Første halvdel av turen går du i lauvskog, og stien er tildels bratt og krevjande. To plassar er det montert stigtrinn i fjell. Etterkvart flatar terrenget litt av og skogen opnar seg. Stien går vidare i furuskog på lyng og snaufjell til Gullbergnotten. Svært god utsikt til Jondal sentrum og ut fjorden. Her kan du også gå vidare på merka rute til Selsvik.

Råd for turen

  • Ta med mat, drikke og vindtette klede.
  • Du bør ha joggesko eller fjellstøvlar.
  • Mobildekning er god på heile turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i reservatet.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.