star
star
star
star
star

Pilegrimsvegen mellom Botsvatnvegen i Jondal og Reiseter ved Sørfjorden

Turen er krevjande og startar på ca 550 moh., går opp til ca. 1400 moh. før han går bratt ned til ca 250 moh. Logoen for turen er "krykkjekrossen i valskringla". Logomerket har fargen oker. Turen...

Praktisk info

Enjoy-kode: 229149
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Ved krysset er det på høgre sida av vegen ei infotavle for fleire turar. Etter ca 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Det er automat som tar kort eller kontantar. Etter 2,0 km tar du til venstre på grusveg. Etter ca 2,7 km er det skilt og infotavle for turen. Har du bil kan du parkera langs vegkanten. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn, Ungdom
Varighet
8 timer
Lengde
11.1 km
Vanskelighetsgrad
Ekspert
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen er krevjande og startar på ca 550 moh., går opp til ca. 1400 moh. før han går bratt ned til ca 250 moh. Logoen for turen er "krykkjekrossen i valskringla". Logomerket har fargen oker. Turen er merka med målte merke og logoar, logoskilt og vardar. NB: det er ikkje tett og kraftig merking på turen, så du må heile turen vere merksam på vegvalet. Frå Staberget ovanfor Hardingarinden og fram til Reiseteeggi er det varding som er hovudmerking.​

Du går bratt opp langs Hardingarinden, og under Staberget til Stabergsdalen. Inne i Stabergsdalen kryssar du elva og går vidare opp mot Langedalen. Oppe på Langedalshaugen er det ein stor varde. Her er siste utsiktspunkt attende mot Krossdalen. Vidare går turen opp Langedalen. I snørike somrar kan du gå midt etter dalen på bre, men elles må du gå på berga på høgre side av Langedalen. Øvst i Langedalen kryssar du breen til høgre for Langedalstjørna. Etter ei lita stund passerer du eit skar i enden av tjørnet. Det er enkelt å krysse i snørike somrar. Dersom det er lite snø, er det greitt å ha turfølgje og tau. Høgda du kjem til no, er 1400 moh., og du har flott utsyn over fjellplatået. Pilegrimsvegen går vidare mot Brakastauren og Høgstaleitet. I snørike somrar ser du Pilegrimsvegen som ei kvit stripe over platået. Frå Høgstaleitet går stien slakt vidare ned mot Bleieelva og Reiseteeggje, anten på snø eller eventuelt til høgre for dalføret, på "sti". Bleieelva kryssar du på snø, dersom dette er trygt. Viss ikkje, kan du gå lengre ned mot Revavatnet og krysse elva over røyrbrua. Når du har kryssa Bleieelva, fell Pilegrimsvegen saman med buførevegen som kjem frå Botsvatn. Stien går vidare til varden på Reiseteeggje, der du får flott utsyn mot Hardangervidda og ned lia mot Sørfjorden. Varden ligg ca 1200 moh, og no følgjer ei bratt nedstigning på ca 1000 meter. Stien ned lia vart restaurert i 2012-2013, og skal kunne brukast som kløvveg. I snørike somrar kan Skjortefonn - rett nedanfor Reiseteeggje - vera stor, og tau er lurt å ha med. Midtvegs nede i lia kryssar stien Reiseteelva. Nedst i lia nedanfor kraftverksdammen kryssar du Bleieelva. Så følgjer du traktorvegen vidare ned til Streifsteinen på Reisete.

Her kan du avtale henting med bil/ buss eller du kan gå langs vegen 3,7 km ned til Nå, og ev. delvis følgja offentleg skyssmiddel vidare på turen mot Røldal eller attende til utgangspunktet.

Råd for turen:

Du må ha fjellstøvlar, då mykje av turen vanlegvis går på snø. Sjølv om det er fint vêr når du startar, kan det fort verta vind og regn/snø undervegs, så du må ha med ull-, regn- og vindklede, lue og vottar. Lurt å ha med tau. Ta med niste for lang dagstur. Drikke kan du – på eige ansvar - fylle på i elvane undervegs. Du må ha med kart og kompass, ev. også GPS.

Lite eller ingen mobildekning oppe på fjellplatået.

Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.

På grunn av bratt oppstigning og særs bratt nedstigning, er ikkje turen anbefalt for dei som har kneproblem eller liknande.

Gå turen saman med lokalkjende, dersom de ikkje er godt trena og har god erfaring med fjellet.

Det vert organisert årlege pilegrimsturar (www.jondalkyrkje.no), og fleire fellesturar kan bli organisert dersom grupper melder interesse.