Perleskum

Sundagkveld med Jorun Marie Kvernberg & co i Kabuso – hald av 3. oktober for desse fire jazz- og folkemusikarane! Perleskum er: Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song, komponist) Unni...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
03.okt
2021
kl 18:00

Detaljer

Sundagkveld med Jorun Marie Kvernberg & co i Kabuso – hald av 3. oktober for desse fire jazz- og folkemusikarane!

Perleskum er: Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song, komponist) Unni Boksasp (folkesong, harpeleik) Lars Andreas Haug (tuba) Dag-Filip Roaldsnes (piano)

To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine evig unge ord, og har med seg eit spildrande nytt album. Tuba-virtuosen Lars Andreas Haug ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg auser på og opp og fram med boge og streng.

Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.

Perleskum spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga avFørdefestivalen 2018.

Sjå nettsida for Perleskum Perleskum på Spotify

Praktisk info

Enjoy-kode: 736876
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.