star
star
star
star
star

Peprane

Turen startar om lag 250 meter frå krysset i Storheimstø i retning Sæbø. Følg merka sti oppover mot Grønfjellet. Det er fleire alternative traseear i skogen, men alle tar deg til Grønfjellet om dei...
Foto: Radøy kommune

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 170048
Stien byrjer kring 250 meter frå Storheimstø (der Sæbøvegen tar av frå Radøyvegen) i retning mot Sæbø. Parkering langs Sæbøvegen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
2.1 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar om lag 250 meter frå krysset i Storheimstø i retning Sæbø. Følg merka sti oppover mot Grønfjellet. Det er fleire alternative traseear i skogen, men alle tar deg til Grønfjellet om dei ikkje er merka med noko anna. Denne delen av stien går gjennom flott skogsterreng med for det meste gamal furuskog. Etter å ha gått gjennom skogen eit stykke, opnar terrenget seg når du kjem til Grønfjellet. Her har du flott utsikt i dei fleste retningar. På Grønfjellet kan du skriva deg boka som du finn i postkassen.

Følg stien vidare sørover gjennom det småkuperte terrenget. Det kan vera litt vått nokre stader, men det bygd klopper og trapper over dei våtaste og brattaste partia. Følg stien vidare heilt til du kjem til Søre Peparen. I postkassen finn du ei bok du kan skriva deg inn. Søre Peparen ligg i grensa mellom Lindås og Radøy kommunar.

Når du skal attende, rår me til å gå same veg! Det er også mogleg å gå ein annan trasé attende, men denne er svært våt! Har du på deg gode sko (gjerne støvlar) kan du følgja stien vidare i sørleg retning og deretter vestover til du treff gamlevegen mellom Soltveit og Haukeland. Ta til høgre her og følg vegen/stien vidare til du kjem til skilt mot Storheimstemma, der du kan ta av til høgre. Følg denne stien vidare mot Storheimstemma til du treff Sæbøvegen.