Pardans - Strunkeveko

Pardanskurs med Anbjørg Myhra Bergwitz Pardanskurset er for deg som vil danse mykje! Kurset vil fokusere på innlæring av ulike bygde- og runddansar. I tillegg til å lære mange dansar får du lære...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

11.jul
2021
kl 17:00

Detaljer

Pardanskurs med Anbjørg Myhra Bergwitz

Pardanskurset er for deg som vil danse mykje! Kurset vil fokusere på innlæring av ulike bygde- og runddansar. I tillegg til å lære mange dansar får du lære om danseteknikk og haldning i dans. Her blir det tips og råd, enten du vil gjera deg klar for kappleik, eller vil sveitte deg i hel på dansekveldar.

NB: Vi har også pardans fordjuping for dei over 14 år.

Anbjørg M. Bergwitz, allsidig dansar med kjennskap til mange tradisjonsområder. Fyrst og fremst er dansefokuset hennar sosialt, men ho har og mykje erfaring frå forestillingar og kappleikar, og er A-klassedansar i dans fele og dans hardingfele. Ho har studert dans i Sverige, delteke i fleire norske og nordiske talentprogram, og har instruert i mange år. Som instruktør er ho er oppteken av at ein får godfølelsen uansett nivå, leikar seg med dansen og får fram det beste i sin eigen dans.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen førbetalinga er gjennomført.

Covid-19

Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!

Vi vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

Praktisk info

Enjoy-kode: 508815
Type
Scene
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker