star
star
star
star
star

Padletur Kjørull i Nissedal kommune

Vatnet eller innsjøen Tjørull strekkjer seg ei snau mil søraustover frå Tjønnefoss i Treungen sokn i Nissedal kommune. Det som gjer Tjørull til eit lagleg og spennande vatn for kanopadling, er at...
Foto: Twenty20

Praktisk info

Enjoy-kode: 827453
Fra Arendal køyrer du E 18 til Fianekrysset (Holt). Derfifrå er det riksvegen til Åmli og så FV 41 vidare nordover til du kjem til Tjønnefoss. Det er akkurat ved vegkrossen
der FV 355 tek av mot Fyresdal.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Lengde
9.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Vatnet eller innsjøen Tjørull strekkjer seg ei snau mil søraustover frå Tjønnefoss i Treungen sokn i Nissedal kommune. Det som gjer Tjørull til eit lagleg og spennande vatn for kanopadling, er at du på det meste av vegen møter skiftande natur med både innbydande svaberg, bratte fjellvegger, små øyar, smale kilar og breie bukter. Ikkje så sjeldan ser du ein gul aure sprette over vassflata. Av og til er du så heldig at du blir vâr ei fiskeørn i flytande flog. Ein annan stad dukkar beveren eller bjoren fram. Er du ute ein vårmorgon, buldrar orren i li og nutar. Om kvelden gjel gauken, ja, fleire enn ein, medan nykomlingane, Canada-gjæsene, også kan halde leven ved middagstider. Om kvelden kan du verme på kaffikjelen, og la gjerne fiskedobba kvile litt når himmelen raudnar over blåmørke bukter. LANGTUR OVER TJØRULL: Når du legg ut på langtur over Tjørull, er Evja på Tjønnefoss eit greitt utgangspunkt. I lett medstraum, der Nisseråna sveivar seg nedover mot Tjørull, kan du stundom kvile litt frå padleåra og nyte naturen. Vestover reiser Dalsnipen (620 m.o.h.) seg med langstrekte skoglier og ei lett kjenneleg mast på toppen. Bakafor helsar Furenusteren (762 m.o.h.) med snauskallen sin, og lengst vest ligg Dunsevallsheia (820 m.o.h.) roleg som alltid og ynskjer vel møtt til Gjøvdal. Når du snur deg litt i kanoen og glytter nordvestover, ser du òg at Kilegrend og Fyresdal har blånande fjell å by fram. Padlar du forbi Breidablikk og vestover mot Helleslikilen, fær du til og med auga på Langfjell og Kronfjell (925 m.o.h.) på austsida av Nisser. Skuggenatten (706 m.o.h.), også med mast som landemerke, og Heimdalsnuten (596 m.o.h.) ser du godt heilt frå Tjønnefoss og nedover. Søraust, i enden av Tjørull, ligg godlynde Nonheia og gjev le for dei gamle Onstad-gardane. Frå Breidablikk er det greitt å padle vidare langs land. Har du tid og krefter, kan du svinge sørvestover inn i Helleslikilen eller take ein rundtur kring Øyna, gjennom Klubbestad til Sandarhylen og oppatt til Breidablikk. Men vil du helst kome deg utetter Tjørull med ein gong, kan du heller padle mot Blindøya. Her er det fint både å raste, prøve fiskestonga eller få seg ein dukkert. Deretter er det framleis greitt å halde seg på vestsida av Tjørull med utsyn mot Klovfjell på hi sida av vatnet. Fjellet med sine klov og krokfureskorter ber namnet sitt med rette. Litt lengre ute vil du kan hende få lyst til å take ein avstikkar inn i Leirkilen eller halde fram utover med Breibukt på austsida. På Trosnesodden kan du gjerne unne deg ei lita kvil. Før du kjem til endes på Tjørull, vil du møte endå ei temmeleg brei bukt, denne venda på høgre side i padleretninga. Dersom du vil take deg ein sveiv innom, vil du sjå at bukta smalnar i ein kil nedanfor den gamle, attlagde garden Bergstøyl. Det er mang ei soge om Tjørull som vassveg, noko det ikkje er så mykje rom for i denne samanhengen. Men medan du gjer unna dei siste hundremetrane, kan me stutt nemne at det i eldre tider var mykje ferdsel på Tjørull både sommar og vinter, naturleg nok mest av dei som budde ikring vatnet, men au av farande folk som ”rodde fjordan” og tenkte seg lenger av stad. I enden av Tjørull gjekk det stigar og ridevegar både mot Felle og Katerås, mot Almelia og Uvdalen. Tjørull kunne med andre ord vere utgangspunkt for byturar både mot Tveitstrond (Tvedestrand) og Åndalen (Arendal) og mot Risør og Kragerø. Heilt til utpå 1960-talet fòr folk over Tjørull med fullasta båtar med varer frå Tjønnefoss landhandel. Når du nå snart blir vâr både båtar og bilveg, er kanoturen til endes. Du er framme ved Onstad-landi, som det heiter i den gamle dialekten vår. Frå Evja ved Tjønnefoss har du tilbakelagt ”tri fjorångs veg,” for framleis å halde seg til dei gamle. Ei snau mil på vatnet, kanskje med tillegg og avstikkarar, er langt nok for dei fleste. Venteleg har turen vori rik på opplevingar og vori til sælebot både for kropp og sinn. Det er tid for ei velfortent kvil, gjerne i ein ventande ”hentebil.” Dersom det syner seg at padleturen over Tjørull gav meirsmak, kan du kanskje utvide neste padletur med endå ei etappe. Då må du rett nok bere kanoen vidare eit stykke frå sørenden av Tjørull forbi Rona, men deretter kan du padle vidare den gamle vassvegen ut Midvatn og fram til Stokksvatn. Men då vil nok også du som er mellom dei sprekaste, ikkje ha noko imot at det ventar folk og bil nede ved Nobbesundsbrua. MINDRE TURAR: Naturlegvis kan du og dele Tjørull inn i mindre turar. Frå Evja eller Tjørull hytte- og båtutleige (tidlegare Tjørull Turistpensjonat) på Tjønnefoss kan du få ein gild padletur lett motstraums nordover. Komen eit stykke oppover i Nisseråna, kan du då padle vestover, under den gamle jernbanebrua og vidare under brua på FV 41 og inn i Eidstjønn. Dersom du ikkje svingar av vestover i Nisseråna, kan du padle vidare nordover til Tjønnefossen eller inn i Fjåbutjønna. Då er du komen heilt innunder oppstiginga til Solheia og Heimdalsnuten. Dersom du legg ut nedover Nisseråna frå Evja, kan du få ein gild og ikkje altfor krevjande padletur til Tjørullsanden eller utover til Paradisbukta og Breidablikk. Her er det både svaberg, sandstrender og nydelege rasteplassar for padlarar i ulike aldersgrupper. Ved Breidablikk kan du òg gjere ein sving under hengjebrua og padle ned i Sandarhylen, men her bør du vere merksam på at straumen er striare. Har du med ungar, bør du heller satse på ein roleg tur inn i Paradisbukta.