star
star
star
star
star

På sykkel til DNTs vestlegaste hytte

Midt i Solund, om lag 5 km nord for Hardbakke, ligg den freda husmannsplassen Råkeneset idyllisk til. Staden ligg nær Råkesundet, eitt av dei mange sunda som deler Solundøyane opp frå nord til sør....

Praktisk info

Enjoy-kode: 254596
Følg riksveg 606 til Storevatnet litt før Solund.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn
Lengde
4.9 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Midt i Solund, om lag 5 km nord for Hardbakke, ligg den freda husmannsplassen Råkeneset idyllisk til. Staden ligg nær Råkesundet, eitt av dei mange sunda som deler Solundøyane opp frå nord til sør. Husa er plasserte på karakteristisk vis mellom knausane, i livd for vind og vêr, litt vekkgøymt og berre naustet ligg lett synleg frå Råkesundet. Delar av den freda husmannsplassen er leigd av Sogndal Turlag, og er i dag Den Norske Turistforening (DNT) si vestlegaste hytte.

For å kome til Råkeneset kan ein enten kome sjøvegen i kajakk, eller ein kan kome langs vegen frå Hardbakke til Strand. Dette er ein flott sykkelveg med lite trafikk i eit storslått landskap. Ein kombinert sykkeltur og fottur er difor eit godt og miljøvenleg alternativ. Råkeneset ligg om lag 15 minutts gange frå vegen til Strand. Nord for garden Råke kan ein parkere sykkel eller bil langs vegen. Stien sørvest til Råkeneset går gjennom utmark og følgjer den gamle ferdselsvegen til Råkeneset. Råkeneset er eit flott turmål for barnefamiliar. Turen er ikkje for lang, og når ein er komen fram, innbyr landskapet til vidare utforsking. Ungane finn seg godt til rette i fjøra. Om det ikkje er badetemperaturar så kan krabbefangst vere ein aktivitet som fengjer. Det er og gode mogelegheiter for å fiske frå land. Om du vert på Råkeneset fleire dagar, vil fjellområda aust for Råke vere verdt å undersøkje. Fjella er mellom dei vestlegaste i landet. Få høgdemeter opp frå stranda har ein storslagen utsikt over øyar, spennande landskap, vakker kyst og Nordsjøen. Stiane er ikkje godt merkte, men turen opp til Pollatinden (541 moh.) når ein frå Råke og lenger nord i nærleiken av p-plassen. Har ein kajakk, gjev øyane vest for Råkeneset mange spennande opplevingar.

Alle bygg og mykje av omgjevnadene i Råkeneset er freda av Riksantikvaren. Det 250 år gamle stovehuset fortel si eiga historie om livet til fiskarbonden som i arbeid og kvile fann sitt utkome på Råkeneset. Det kan vere verdt å tenkje på når ein stig inn i det vesle stovehuset. Sjølv om «bruk er den beste form for vern», må ein merke seg at dette er eit heller skjørt byggverk, som krev at ein er varsam når ein oppheld seg i huset.