star
star
star
star
star

Øynuten i Fyresdal kommune

Øynuten ligg heilt sør i Fyresdal midt mellom dei 2 utløpa frå Fyresvatn. Toppen er kun 522 m.o.h. men eit flott utsiktpunkt. Flott trimtur på ei lita kveldsbeite. Totallengde: Topptur 2 km,...

Praktisk info

Enjoy-kode: 143955
Tak av FV 355 i Kilegrend og parker ved grendehus. Fint å gå den gamle vegen langs elva. Ein kan også køyre inn mot Øyne camping. Rett etter tunnelen, startar turvegenopp til venstre.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
2 timer
Lengde
7.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Øynuten ligg heilt sør i Fyresdal midt mellom dei 2 utløpa frå Fyresvatn. Toppen er kun 522 m.o.h. men eit flott utsiktpunkt. Flott trimtur på ei lita kveldsbeite. Totallengde: Topptur 2 km, rundtur 6,5 km Stigning:240 m Terreng:Kort og bratt Gangtid:1-2 timar

Turen kan også gjerne kombinerast med ein tur rundt heile Øynuten. Då bør ein ta avstikkaren opp til Trollholene ovom garden Lomekilen på sørsida. Det er ei stor oppleving å sjå desse store grottene frå istida. Ved Øyne Camping er det mogleg å overnatte og ein kan kjøpe fiskekort der. TUREN TIL ØYNUTEN: Fylg traktorvegen til endes og deretter fylg blått merke og god sti vidare til toppen. Toppen er ved den høge masta. Kassa er i foten av denne. Nyt den flotte utsikten over Kilegrend. Hugs å skrive namnet ditt i boka! Ned att bør ein gå same vegen, då her er ein del bratte og farlege plassar. Finast å gå om sommaren. TUREN ØYNUTEN RUNDT: Turvegen rundt Øynuten er ein fin og lett tur for alle. Starten er ved Kilegrend Grendehus eller Øyne camping. Turen går på vegar og stier i gamalt kulturlandskap og åpen skog. På store deler av turen ser du vatn og elv. Er du heldig, ser du kanskje også en bever! Undervegs kjem du til Trollholene, to store grotter som ligg i ein liten ”kvæv” ovanfor Lomekilen. Holene er sprengd og grave ut av vatn og is og vart forma i slutten av istida då ismassene smelta og landet etter kvart heva seg. Den fyrste gudstenesta vart halden her i 1911. Frå 1988 er gudsteneste i holene blitt ein årleg tradisjon. Det gamle sagbruket ved Glomsfoss er også eit minne om gamle dages virke i dette område.