star
star
star
star
star

Øvre Standal. Stølsvatnet, Svartevatnet, Dyttingvatnet. Rundtur

Frå parkeringsplassen går du mot Strupen. Du går på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Her fortset du innover i stort sett flatt terreng med elva på nordsida. Når stien møter elva går...

Praktisk info

Enjoy-kode: 549389
Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass. Det vil bli satt opp informasjonstavle (under arbeid)
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne, Ungdom
Varighet
6 timer
Lengde
14.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen går du mot Strupen. Du går på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Her fortset du innover i stort sett flatt terreng med elva på nordsida. Når stien møter elva går du litt søraust mot Gamlestølen der det berre er stølsmurane att. Der i frå er det flatt terreng med litt stigning i ca 500 m til du kjem til ein liten bakke. Etter den er det jamn slakk stigning innover til Standalsstølen, ein kvitmalt støl som blant kjentfolk vert kalla Eliasstølen. Her kan du gå ned bakken mot elva og følgje stien til høgre for elva heile vegen til Stølsvatnet, eller du kan gå opp bakken, inn skaret og følgje ryggen innover til Stølsvatnet. Ved Stølsvatnet går stien på nordsida av vatnet og ved enden av vatnet går stien på nordsida av elva mot Svartevatnet. Vidare til Dyttingvatnet tar du til sør/vest litt forbi inste enden av Svartevatnet og går opp mot toppen. Dyttingvatnet er eit middels stort vatn som er oppdemt i vestre enden. Rundt vatnet er det flatt og fint og godt egna til å sette opp telt.