star
star
star
star
star

Øvre Standal - Stølsvatnet - Høydalsnipa

Frå parkeringsplassen går du mot Strupen. Du går på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Her fortset du innover i stort sett flatt terreng med elva på nordsida. Når stien møter elva går...

Praktisk info

Enjoy-kode: 328549
Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass. Det vil bli sett opp informasjonstavle (under arbeid)
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
6.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen går du mot Strupen. Du går på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Her fortset du innover i stort sett flatt terreng med elva på nordsida. Når stien møter elva går du litt søraust mot Gamlestølen der det berre er stølsmurane att. Derifrå er det flatt terreng med litt stigning i ca 500 m til du kjem til ein liten bakke . Etter den er det jamn slakk stigning innover til Standalsstølen, ein kvitmalt støl som blant kjentfolk vert kalla Eliasstølen. Her kan du gå ned bakken mot elva og følgje stien til høgre for elva heile vegen til Stølsvatnet, eller du går opp bakken, inn skaret og følgjer ryggen innover til Stølsvatnet . Ved Stølsvatnet går stien på nordsida av vatnet og ved enden av vatnet går stien på nordsida av elva mot Svartevatnet.

Frå Svartevatnet følgjer stien på nordsida til Håsteinsdalen, der stien vender mot nord i vestre enden av dalen. Gå heile tida i retning mot Høydalsnipa. Håsteinsdalen er dalen som åpnar seg med utsikt mot Svardalen og Steindalen etter at Svartevatnet er passert. Du passerer Villebøen og stigninga mot Håsteinen startar. Her kan du velge Høydalsnipa 933 moh, eller vende austover mot inste Håsteinen 964 moh.

Turene frå Høydal og Steindal ligg ute som eigne turar.

Turen er teikna inn og ikkje gått med gps spor. Derfor ei rettsnor til trace.