star
star
star
star
star

Øvre Standal - Stølsvatnet - Håsteinen

Frå parkeringsplassen går du mot Strupen. Du går på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Her fortset du innover i stort sett flatt terreng med elva på nordsida. Når stien møter elva går...
Foto: Astrid B Eliassen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 493471
Turane våre startar frå parkeringsplassen i Øvre Standal, ta av frå Fv 611 mot Øvre Standal og køyr vegen til endes i Standalsmarka der det er merka parkeringsplass. Det vil bli sett opp informasjonstavle (under arbeid)
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne, Ungdom
Varighet
3 timer
Lengde
7.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen går du mot Strupen. Du går på grusveg til du har passert beiteteigane i marka. Her fortset du innover i stort sett flatt terreng med elva på nordsida. Når stien møter elva går du litt søraust mot Gamlestølen der det berre er stølsmurane att. Der i frå er det flatt terreng med litt stigning i ca 500 m til du kjem til ein liten bakke . Etter den er det jamn slakk stigning innover til Standalsstølen, ein kvitmalt støl som blant kjentfolk vert kalla Eliasstølen. Her kan du gå ned bakken mot elva og følgje stien til høgre for elva heile vegen til Stølsvatnet, eller du går opp bakken, inn skaret og følgjer ryggen innover til Stølsvatnet . Ved Stølsvatnet går stien på nordsida av vatnet og ved enden av vatnet går stien på nordsida av elva mot Svartevatnet. I vestre enden av Svartevatnet går stien oppover og dreier så innover til du møter stien frå Håsteinsdalen på Villebøen,

Frå Svartevatnet følgjer stien på nordsida til Håsteinsdalen, der stien vender mot nord i vestre enden av dalen. Gå heile tida i retning mot Høydalsnipa. Håsteinsdalen er dalen som åpnar seg med utsikt mot Svardalen og Steindalen etter at Svartevatnet er passert Du passerer Villebøen og stigninga mot Håsteinen startar. Her kan du velge Høydalsnipa 933 moh, eller vende austover mot Håsteinen 964 moh.

Håsteinen platået består av tre toppar Inste Håsteinen 965 moh, Yste Håsteinen 915 moh og Høydalsnipa 933 moh.

Turene frå Høydal og Steindal ligg ute som eigne turar.