star
star
star
star
star

Overnattingstur på ski til Grindaflethytta

Fyre (Stalheim) – Grindaflethytta – Ljosandbotten (Mjølfjell) Overgangsturen mellom Fyre og Ljosandbotten med overnatting på Grindaflethytta er en påskeklassiker i Vossafjella. Kvista til...

Praktisk info

Enjoy-kode: 973927
Til Fyre (som ligg ved Stalheim) går det buss fra Voss (ca 35 kilometer). framme i Ljosandbotn kan du hoppe på toget til til Voss/Oslo ved Mjølfjell stasjon.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre
Varighet
120 timer
Lengde
32.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Fyre (Stalheim) – Grindaflethytta – Ljosandbotten (Mjølfjell)

Overgangsturen mellom Fyre og Ljosandbotten med overnatting på Grindaflethytta er en påskeklassiker i Vossafjella.

Kvista til påsken, men oftast er kvistinga klar to veker før. Turen startar frå Fyre (Stalheim). Frå parkeringsplassen like søraust for garden Fyre fylgjer ein ubrøyta skogsveg til endes opp mot Øvsthusdalen. Vidare går vinterruta opp gjennom skogen til Øvsthuselva som ein tar seg over. Frå elva går ein vidare oppover Øvsthusdalen og møter igjen sommarløypa. Etter kvart vert det bratt opp Vardabrekkene før ein når Stangahøgd 1277 moh. Over høgda er det gode stakar som viser veg. Vidare innover følgjer ein sommarruta med kryssing over Halsavatnet, Vedasteinsvatnet, Muravatnet forbi Fyrestølen og langs nordside av Grindafletvatni og inn til Grindaflethytta.

Grindaflethytta har 14 sengeplasser. Med doble madrasser i sengene har ein også moglegheit for «golvliggeplass». Hytta har eit godt utval av proviant og gode kokemoglegheiter.»

Frå Grindaflethytta kryssar ein Grindafletvatnet og fylgjer sommarruta rett sør gjennom Jøtebotn. Vidare vest for Storhaugsvatnet. Litt sør frå Storhaugsvatnet skil ruta seg frå sommarstien og fylgjer austsida av Stordalen, vest for Heggjanuten, rett sørover. Vidare til Elvamotet og kryssing av Vassetelvi ved telegrafhytta, nokre hundre meter lengre vest enn brua der sommerruta kryssar. Litt før Svehaugane møter vinterløypa sommarruta igjen. Turen vidare går sørover mot Borgabuvatnet, kor ein kryssar vatnet i vestleg retning, før ein dreier sørover i Ljosandalen. Her fylgjer ein Ljosåni på vestsida ned til parkeringsplassen i Ljosanbotn.