star
star
star
star
star

Otterstadstølen i Modalen

Otterstadstølen høyrer til gardane Otterstad. Me følgjer stølselvi frå Grønhaug. Like overfor Grønhaug deler stigen seg i Buførevegen og stølsvegen. Ein kan velje kva veg som helst for begge møtest...
Foto: Vidar Lervaag

Praktisk info

Enjoy-kode: 649772
En kan enten ankomme via Modalen, eller komme nordvestfra, og tar i så fall av fra vegen gjennom Romarheimsdalen. Det er relativt dårlig med parkeringsplasser, men noen få biler er det plass til ved Grønhaug kraftverk, der turen starter.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.9 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Otterstadstølen høyrer til gardane Otterstad. Me følgjer stølselvi frå Grønhaug. Like overfor Grønhaug deler stigen seg i Buførevegen og stølsvegen. Ein kan velje kva veg som helst for begge møtest att før Otterstadstølen. Vegen til Otterstadstølen er ikkje så krevjande, og etter tre kvarter ser ein stølhusa der dei ligg pittoresk til på ei flate ved rota av Laurdagsfjellet.

Området ved stølen 200 -300 moh er dominert av eit kraftig granbelte. Dette er Norges vestlegaste viltveksande granskog, og somme av tre er svært gamle. Området er naturvernreservat.

Otterstadstølen vart sett opp tidleg på 1900-talet og det var drift der fram til 1960. Stølshusa er tekne vare på og det er og høve til å leige eit til overnatting.