star
star
star
star
star

Osmarka

Ein kort spassertur frå Os sentrum, finn du Osmarka som er eit fantastisk friluftsområde. Osmarka er ei perle som er tilrettelagt for alle. Om du går frå Os sentrum og gjennom Nordmarka, har du...

Praktisk info

Enjoy-kode: 423970
Frå Os sentrum går du nordover. Du passerar Os Frivillig sentral, Os kyrkje, og til slutt Os Ungdomskulen på venstre handa. Like etter Ungdomskulen går du over ei bru og følgjer vegen vidare mot Nordmarka. Os-elvo er turkamerat heile vegen. Etter ei bratt stigning er det skilta til venstre mot Nordmarka og Tøsdal. Du kan òg parkera på Tøsdal og gå inn i Osmarka derifrå.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
4 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Ein kort spassertur frå Os sentrum, finn du Osmarka som er eit fantastisk friluftsområde. Osmarka er ei perle som er tilrettelagt for alle. Om du går frå Os sentrum og gjennom Nordmarka, har du heile tida Oselvo som følgjesven. Under sesongen for laksefiske vil ein sjå ivrige fiskarar som prøvar fiskelukka, og er du ekstra heldig kanskje få med deg at nokon "landa" ein laks.

For eit par år sida var Knutabruo ferdigstilt i Osmarko. Knutabruo er ei hengjebru på omlag 50 meter som heng 14-15 meter over Oselvo. Like ved Knutabruo er det laga ein gapahuk der folk kan setje seg ned å nyte ein matbit, prate saman eller berre sjå på naturen rundt seg. Det ligg òg ein gapahuk like nedanfor Knutabruo som er litt mindre, men som er plassert tett på Oselvo. Det er plassert ut bålpanner som folk kan nytte i området.