star
star
star
star
star

Osa til Osestøylen og Vassetestøylen

Frå Eikefjord sentrum sørover på Fv 542 i 1,5 km og ta av til Osen på Rv 541, køyr sør- austover i 3,0 km til ein tek av til venstre ved vegnamnskilt Osa. Fortset vidare ca 300 m på gardsveg, og...

Praktisk info

Enjoy-kode: 163466
Frå Eikefjord sentrum sørover på Fv 542 i 1,5 km og ta av til Osen på Fv 541
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre
Varighet
2 timer
Lengde
3.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå Eikefjord sentrum sørover på Fv 542 i 1,5 km og ta av til Osen på Rv 541, køyr sør- austover i 3,0 km til ein tek av til venstre ved vegnamnskilt Osa. Fortset vidare ca 300 m på gardsveg, og 500 m på skogsveg til parkeringsplassen før brua. Gå på skogsvegen til venstre etter brua, halve vegen, resten er umerka sti i glissen fureskog. På Osestøylen, 327 moh er det 3 stølshus og eit uthus.

På stien er det enkelte våte partier - der er mulig å gå rundt.

Utsikta er i førstninga mot gardane på Osa og Vasset, seinare mot Eikefjorden, så Storebru og Endestadvatnet.

Turen vidare til Vassetestøylen, 314 moh. Første del er over gamal stølsvoll, over elva og langsmed elva til ein møter tydeleg sti, gjennom sankegarden og opp på berget. Eller du kan gå litt tilbake og over berga - litt tørrare enn over myrane - det er der sporet går. Her er det eit stølshus og eit uthus. I gamle dagar då dei skulle til Vassetestøylen så rodde dei over Vassetevatnet og gjekk opp.