star
star
star
star
star

Ørnaberget ( 340 m.o.h.) via Dyrhaug (260 m.o.h.) frå Eikesdalsvegen i Øvre Vats

Traktorvegen opp til Dyrhaug er fin å gå på, men har nokre bratte parti. Om lag 800 m opp frå parkeringsplassen står det eit skilt ”Sti gjennom lerkeskog” - stien kjem ut på same traktorvegen litt...

Praktisk info

Enjoy-kode: 268969
Frå Knapphus - kjør omlag 2,5 km nordover langs E 134 mot Ølen til Eikesdalsvegen. Her står det skilt til Eikesdal til venstre og TURSTI-skilt. Følg vegen omlag 700 m oppover til du kjem til skilta P-plass. Her finn du info.tavle og kart over mange fine turar som startar herifrå.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
1 time
Lengde
2.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Traktorvegen opp til Dyrhaug er fin å gå på, men har nokre bratte parti. Om lag 800 m opp frå parkeringsplassen står det eit skilt ”Sti gjennom lerkeskog” - stien kjem ut på same traktorvegen litt lenger oppe. Dette er meint som ein ”opplevelses-tur” for store og små. Det er litt spesielt å gå inn i ein slik tett skog - noko trolsk. Opp ved Dyrhaug bør du ta avstikkar til høgre og følg skilta Dyrhaug og Rasteplass - gå gjennom grinda og forbi ei privathytte som ligg der. Berre 100 m å gå. Ovanfor hytta ligg sjølve Dyrhaug med ein flott utsikt over Vatsbygda. Her ligg eit stor steinbord du kan rasta og ta ein pause ved om du vil. Stien vidare inn til Stemmetjørna er godt skilta – same veg som til Ørnaberget. Vel framme ved Stemmetjørna er det tid for ein rast og nyta roen og freden ved dette fine fjellvatnet og sjå fisken vaka. Dersom du ikkje vil gå tilbake same vegen, kan du herifrå gå nedatt til E134 ved Tjelmarmyra. Tjelmarmyra ligg om lag 400 m nord for Eikesdalsvegen. Då er ikkje vegen lang opp til parkeringsplassen om du har bilen ståande der. Følg skilta og merkepinnane.

Terreng: Følg god traktorvegen opp gjennom granskog/blandingsskog. Vegen har nokre bratte parti opp til Dyrhaug. Stien vidare frå Dyrhaug er godt merka og skilta og lett å gå, men har nokre våte myrlendte strekningar.

Fottøy: Gode tette sko.