star
star
star
star
star

Orkja frå Myklebust

Orkja er eit markant og lett tilgjengeleg fjell på sørsida av Jølstravatnet. Denne vegen opp går på sti på vestleg side av fjellsida frå Myklebust. Turstart er på grasdekt skogsveg rog vidare på...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 800208
Køyr fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet. Kjem du frå Skei/Kjøsnes køyrer du opp i Dvergsdalsdalen frå Dvergsdal. Kjem du frå Vassenden køyrer du opp til Dvergsdalsdalen frå Myklebust. Turstart på skogsveg i beitelandskap (svingen i starten av GPS-sporet). Skogsveg er privat, og eignar seg ikkje for vanlege bilar.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
4.8 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Orkja er eit markant og lett tilgjengeleg fjell på sørsida av Jølstravatnet. Denne vegen opp går på sti på vestleg side av fjellsida frå Myklebust. Turstart er på grasdekt skogsveg rog vidare på sti i skog. Det er noko myrlendt og vått terreng eit stykke oppover, mens det på toppen er lett og fint mosedekt fjellterreng å gå i. Du får flott utsikt over Jølstravatnet mot vest heile vegen opp. Du kryssar heile det flate platået for å kome til varden på austsida av fjellet. Mens du går på platået får du utsikt mot Helgheim, og ved varden ser du heile Skei-bukta. Normalt vaksentempo er 1,5-2 timar opp. Denne vegen på Orkja vert relativt fort snøfri på våren.

Du kan kombinere ruta opp på Orkja med ein av dei to andre rutene. Det er fint å gå på grusvegen som går mellom gardane i Dvergsdalsdalen. Det kan derfor vere fint å lage seg ein kominasjon av dei ulike rutene og få ein rundtur. Om du går opp frå vest og ned i aust har du gått over heile fjellet.

"Orkja skal brotne, Helgheimskyrkja flotne, Sandneset skal forgå, men Øvreåsen bestå." Gamal regle frå Jølster, som omtalar Orkja som "skredfjellet.