star
star
star
star
star

Orkja frå Dvergsdalsdalen

Turen startar i Dvregsdalsdalen og går opp "baksida! av fjellet Orkja, som ruvar ut i Jølstravatnet. Toppen av Orkja er eit idyllisk småkupert fjellandskap med vatn og knausar. Her er det gode...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 810934
Følg Nikolai Astrups veg (FV 451) langs sørsida av Jølstravatnet frå både Skei og Vassenden. Ta av opp til Dvergsdalsdalen.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Barn, Eldre, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
4.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar i Dvregsdalsdalen og går opp "baksida! av fjellet Orkja, som ruvar ut i Jølstravatnet. Toppen av Orkja er eit idyllisk småkupert fjellandskap med vatn og knausar. Her er det gode mogelegheiter for å vere på tur åleine sidan dei fleste vel ruta frå Myklebust. Sidan turen er relativt kort eignar turen seg godt som kveldstur for dei sprekaste.

Turen startar i noko tett skog der det kan vere vanskeleg å finne stien. Stien som slyngar seg flott oppover fjellsida har nok vore mykje nytta før i tida, men er dag prega av for lite bruk. Nokre parti går i noko bratt tereng, men det er ingen luftige parti. Etterkvart som du kjem over skoggrensa får du flott utsikt over heile Dvergsdalsdalen, Grovabreen og alle fjelltoppane rundt denne. Når du kjem opp på platået får du først utskt mot fjella i vestlege del av Jølstravatnet, medan du ved varden får utsikt over Jølstravatnet og Skei.

Turen opp tek 45-90 minutt. Dette vil avhenge av kor vand du er til å gå i bratt terreng og på umerka sti.

Du kan kombinere ruta opp på Orkja med ein av dei to andre rutene. Det er fint å gå på grusvegen som går mellom gardane i Dvergsdalsdalen. Det kan derfor vere fint å lage seg ein kominasjon av dei ulike rutene og få ein rundtur. Om du går opp frå vest og ned i aust har du gått over heile fjellet.

"Orkja skal brotne, Helgheimskyrkja flotne, Sandneset skal forgå, men Øvreåsen bestå." Gamal regle frå Jølster, som omtalar Orkja som "skredfjellet.