star
star
star
star
star

Orkja frå austleg side

Denne ruta opp på Orkja startar på den austlege sida av fjellet. Ruta har tydeleg og godt merka sti (i 2018). I starten går turen i lett og ope terreng med eldre bjørkeskog. Etter å ha passert eit...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 261891
Følg fylkesveg 451 (Nikolai Astrups veg) og ta av mot Dvergsdalsdalen, Du parkerer på parkeringsplassen ved sandtaket der det er laga til parkering for turen opp på Hamnanova.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
1.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Denne ruta opp på Orkja startar på den austlege sida av fjellet. Ruta har tydeleg og godt merka sti (i 2018). I starten går turen i lett og ope terreng med eldre bjørkeskog. Etter å ha passert eit lite granfelt held du fram i myrlendt beiteterreng eit stykke. Du har flott utsikt mot Dvergsdalsdalen og Grovabreen oppover dette partiet. Når du nermar deg toppen snor stien seg litt slik at du får flott utsikt mot Skei og Kjøsnesfjordbrua. I det stien snor seg opp på ryggen som vender mot toppen vert stien noko meir vanskeleg å sjå i terrenget, men her er det godt varda med små steinvardar.

Denne ruta er den kortaste opp på Orkja. Dette gjer den også noko brattare. Tidsbruk på 45-90 minutt opp. Her avheng det av kor vand du er med å gå i bratt terreng. Tilsvarande vert det ned att.

Du kan kombinere ruta opp på Orkja med ein av dei to andre rutene. Det er fint å gå på grusvegen som går mellom gardane i Dvergsdalsdalen. Det kan derfor vere fint å lage seg ein kominasjon av dei ulike rutene og få ein rundtur. Om du går opp frå vest (Myklebust) og ned i aust har du gått over heile fjellet.

"Orkja skal brotne, Helgheimskyrkja flotne, Sandneset skal forgå, men Øvreåsen bestå." Gamal regle frå Jølster, som omtalar Orkja som "skredfjellet.