star
star
star
star
star

Opp Lia til Norddalen.

Opp Lia og ned Norddalen – ein flott rundt tur for trim og fjelloppleving. Parkering ved bosscontaineren i vegkrysset. Følg anleggsvegen, og ta første veg til høgre og over brua. Stistart er...
Foto: Torill Refsdal Aase

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 464763
Fra Mo i Modalen via Øvre Helland, grusveg fra Øvre Helland til Nygard. Parkering ved infoskilt/container.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
5.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Opp Lia og ned Norddalen – ein flott rundt tur for trim og fjelloppleving.

Parkering ved bosscontaineren i vegkrysset. Følg anleggsvegen, og ta første veg til høgre og over brua. Stistart er skilta like over det midtre bruket, og ruta går beint opp lia. Der stien startar, finn ein restar av gamal løypestreng. Det var opphaveleg tre stiar opp til utløer som høyrde til kvart av bruka.

Stien vi skal følge, er bratt, men slynger seg greitt oppover. Før i tida valde dei ikkje å gå beint opp; dei òg skulle ned att i god behald. Stien er rydda og merka til stiskillet til Knolten, der det ligg restar av ein utløe. I løpet av hausten 2019 er det planen å rydde og merka stien heile vegen rundt og ned til Norddalen.

Frå «utløa» tek ruten av mot høgre, og snirklar seg opp igjennom. Her vert det òg rydda haust 2018. Det er bratt, men etter nokre djupe lungedrag (lov å ta pausar) er ein snart over buskgrensa og får fint utsyn mot gardane og Krossvatnet. Nyt det enten du tek pausar eller helst ynskjer å gå beint på.

No flatar terrenget ut og du kjem opp til eit lite vatn. I tekstforfattaren sine yngre år som ferierande på Nygard, låg det alltid ein liten snøfonn uti dette vatnet. For oss vart det heitande Snebrevatnet, og er det den dag i dag. Tidleg på sommaren skjønar du kvifor. Eit nydeleg lite tjørn, som ein rundar før ein fortsetter opp eit lite høgdedrag mot søraust. Du passerer eit nytt lite vatn, og kjem snart ned over fine lier mot Norddalen. Her ser du dei mektige fjella midt i mot, og elva som blenkjer i dalsøkket.

Ruta møter stien i Norddalen, som tek deg ned til Krosstølen, ei kjekk sti å gå. Etter stølen kjem du attende på vegen der du starta. Om du ikkje vil gå på veg, hald til venstre ved enden av parkeringa ved tunnellportalen og gå nedom fyllinga på god sti. Du må passere i kanten av ei myr. Så kjem du ned til hyttefeltet, og kan gå ned via skogsveg forbi gardane til parkeringa. Ei herleg og morsom tur der du får utfordra kondisen og får god utteljing for strevet.

Høgdeskilnad: 450–670/840 moh. 3 km. Passar for litt større barn som er van med å gå i motbakkar.

(GPS-filen på kartet er omtrentlig, vert erstatta med nøyaktig GPS-fil når stien vert heilt presis).