Detaljer
Førdefestivalen er stolte over å invitere til Opningskonsert i Idrettshallen torsdag 6.juli kl. 20.00!
Tema for Førdefestivalen 2023 er draumar. – Gjennom musikken kan ein drøyme seg bort, og i musikken kan ein vere fri. Draumen om fridom er ei viktig drivkraft for fleire av artistane du får høyre på Førdefestivalen i sommar, sier Lien i pressemeldinga.
På scena får du møte fleire musikarar frå fjern og nær, blant anna:
Johanna Juhola, eit finsk fyrverkeri med fantasi-tango
Leyla McCalla, amerikansk songar, multiinstrumentalist og komponist.
Daniel Lazar, fiolinist frå Serbia. Ein av få fiolinistar som spelar i eit slags rumensk musikalsk tonespråk kalla Doina.
Informasjon om fleire artistar kjem fortløpande.
Hjarteleg velkommen!
Dørene opnar kl. 19.15.Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis.