Opningskonsert Festspela i Geiranger 2021

Opningskonserten på Festspela i Geiranger 2021 skjer i den ærverdige Geirangersalen på Hotel Union, og markerar startskotet for den nye festivalen i bygda og regionen. Opplev eit breitt musikalsk...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
17.sept
2021
kl 18:30

Detaljer

Opningskonserten på Festspela i Geiranger 2021 skjer i den ærverdige Geirangersalen på Hotel Union, og markerar startskotet for den nye festivalen i bygda og regionen. Opplev eit breitt musikalsk program med smakebitar frå festivalmusikarane som er med oss gjennom helga. Her får du óg møte festspelsprofil 2021 Tine Thing Helseth for fyrste gong i festivalen. Hjarteleg velkomne til ein forrykande start på Festspela 2021!

Program:

  • Opning ved Marit Nerås Krogsæter, Jan Ove Tryggestad og Jårångskoret
  • Johannes Brahms: Scherzo, frå FAE sonaten (solist: Øyvind Bjorå)
  • Johannes Brahms: Wie Melodien zieth es mir (solist: Øyvind Bjorå)
  • Franz Schubert: Strykekvintett i C-dur, 1. sats
  • J. Medaglia: Suite Popular Brasileira

Pause

  • Edvard Grieg: 6 sanger, op 48 (solist: Tine Thing Helseth)1. Hilsen
    1. Jeg ved, min Tanke, ved
    2. Verdens Gang
    3. Nattergalen
    4. I Rosetiden
    5. En Dröm
  • Georges Bizet: Habanera, frå Carmen (solist: Stephanie Lippert)
  • Gaetano Donizetti: Una fortiva lagrima, frå Elskovsdrikken (solist: Hallvard Djupvik)
  • Franz Lehar: Lippen Schweigen, frå Den glade Enke (solistar: Stephanie Lippert og Hallvard Djupvik)

Medvirkande:

Tine Thing Helseth - trompet Gunnar Flagstad - piano Stephanie Lippert - mezzosopran Hallvard Djupvik - tenor Øyvind Bjorå - fiolin og orkesterleder Musikarar frå Operaen i Kristiansund


Billettar kan også kjøpast fysisk i resepsjonen på Hotel Union Geiranger. Tlf 70 26 83 00 - Epost geiranger@hotelunion.no


SMITTEVERNTILTAK Festspela i Geiranger følgjer råd og pålegg frå norske helsemyndigheiter, og gjer alt som kan gjerast for at du som publikummar skal vere trygg når du besøker våre konsertar. For meir informasjon om smittevern, sjå eiga side om kva vi gjer og kva du som publikummar kan gjere for å la musikkgleda spre seg - men ikkje viruset: https://www.festspel.no/2021/09/smittevern-under-festspela/

Velkomen til Festspela i Geiranger!

Praktisk info

Enjoy-kode: 169782
Type
Festivaler
Passer for
Barn, Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker