Opning av nynorskdagane i Alver 2022- konsert med "Foreningen for by og bygd"

Bandet Foreningen for By og Bygd sine kjerneverdiar er nynorsk, det skeive, country og americana. Dei spelar eigne og omsette låtar og synest teksten er halve poenget. Dei fleste songane er litt...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

23.sept
2022
kl 19:30

Detaljer

Bandet Foreningen for By og Bygd sine kjerneverdiar er nynorsk, det skeive, country og americana. Dei spelar eigne og omsette låtar og synest teksten er halve poenget. Dei fleste songane er litt triste, men ikkje verre enn at vi alle har vore der.

Bandnamnet har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då alt måtte være hemmeleg og diffust. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i. Vokalist Jens Kihl er kulturredaktør i Bergens Tidende og har skrive boka "Dette er også Noreg" om å vitje alle kommunane i heile Noreg. Helene Nilsen (song og gitar) er ei ukrona country-dronning frå Askøy i tillegg til å vere forskar på universitetet og ho kan stadig opplevast på scena i konsertserien Bergen Bonanza. Endre Aasebø (gitarar og song) hadde ein periode sitt eige radioprogram, Kirketid, på NRK P3, og speler også i hundre andre band. May Frida Bosch (trommer) kjem frå den rette sida av fjorden i Masfjorden og har delteke i Pokerfjes på TV2, der ho stakk av med tusenvis av kroner. May har vore ein del av musikkscena i Bergen i lang tid. Hardanger (og Noreg?) sin eigen Lars Korff Lofthus speler kontrabass og korar. Han har spelt folkemusikk, kyrkjemusikk, rock, viser og pop, men hadde ikkje sett for seg å hamne i eit nynorsk countryband.

Praktisk info

Enjoy-kode: 893049
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.